Barn og ungdom i arbeid

Stort sett gjeld reglane i arbeidslivet for alle, uansett kor gammal du er. Men på nokre område er det spesielle reglar for barn og unge under 18 år. Desse reglane skal gi barn og unge ein ekstra beskyttelse mot arbeid som kan vere skadeleg.

Kva jobb kan du ha?

Reglane varierer etter kor gammal du er. Sjå kva reglar som gjeld for alderen din:

Personar under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid. Dersom familien driv gard, kan likevel barn under 13 år hjelpe til med for eksempel potethausting, bærplukking og lett stell av dyr. Dette blir ikkje rekna som arbeid i loven si forstand.

Aldersgrensa på 13 år gjeld heller ikkje dersom du skal gjere kulturelt, kunstnarisk, sportsleg eller reklamemessig arbeid. Sjå meir om dette under.

Har du fylt 13 år, kan du utføre lett arbeid. Dersom arbeidet er lett, kan du for eksempel ta jobb som avisbod eller utføre kontor- og butikkarbeid. Det er arbeidsgivar som skal vurdere om arbeidet er lett. 

Har du fylt 14 år, kan du også ha anna arbeid som ledd i skolegang eller i praktisk yrkesorientering. Slike opplæringsprogram skal vere godkjent av skolemyndigheitene.

Dersom du er under 15 år, eller er skolepliktig, er det krav om skriftleg samtykke frå foreldre eller andre føresette før du kan begynne i arbeid. Det er arbeidsgivaren din som skal ha samtykket.

Ungdom over 15 år kan ha arbeid som ikkje er til skade for sikkerheita, helsa, utviklinga eller skolegangen deira. Det betyr at du for eksempel kan ta butikkarbeid eller rydde- og vedlikehaldsarbeid i parkar.

Arbeidsgivaren må i kvart enkelt tilfelle ta standpunkt til om arbeidet kan vere til skade for deg, og pliktar og gjere det som er nødvendig for å ta vare på sikkerheita, helsa og utviklinga di.

Visse typar arbeid blir rekna som farleg, og er forbudt å utføre av personar under 18 år. Arbeidsgivaren din kan ikkje sette deg til slikt arbeid. Du kan for eksempel ikkje utføre arbeid der du kan bli utsett for kreftframkallande kjemikaliar, stråling eller farlege maskiner. Det står ei fullstendig oversikt over arbeid som er rekna som farleg, i forskrift om organisering, ledelse og medvirkning i § 12-6.

Sjølv om arbeidet i utgangspunktet er forbudt, kan ungdom mellom 15 og 18 år i visse tilfelle likevel utføre arbeidet dersom det skjer som ledd i ei yrkesretta opplæring.

Når du har fylt 18, kan du ta dei aller fleste jobbar. I nokre jobbar er det likevel eigne aldersgrenser. Du må for eksempel ha fylt 20 år for å ha lov til å selje brennevin.

Dersom du skal gjere kulturelt, kunstnarisk, sportsleg eller reklamemessig arbeid og er under 15 år eller er i skolepliktig alder, må arbeidsgivaren din søke Arbeidstilsynet om førehåndssamtykke.

Du må også ha skriftleg samtykke frå foreldre eller andre føresette. Det er arbeidsgiveren din som skal ha samtykket.

Arbeidstilsynet gir berre samtykke dersom arbeidsgivaren ha tatt tilstrekkeleg omsyn til sikkerheita, helsa, utviklinga og skolegangen din. Arbeidsgivar må få samtykke fra Arbeidstilsynet før arbeidet startar.

Eksempel på kulturelt, kunstnarisk eller reklamemessig arbeid er å opptre i

  • filminnspeling
  • tv-innspeling
  • reklameinnspeling
  • sceneshow
  • teateroppsetting
  • modelloppdrag

Sportsleg arbeid er for eksempel å vere utøvar i eit sportsarrangement.

Når du begynner i jobb

Når du skal begynne å jobbe, er det ein del ting du bør vere klar over: 

Det skal bli inngått skriftleg arbeidsavtale i alle arbeidsforhold. Ein slik avtale skal blant anna innehalde opplysingar om arbeidstid, kva du skal ha i lønn, oppseiingstid og andre vilkår. Da unngår du misforståingar seinare. Det gjeld både når du skal jobbe lenge og når du berre tar jobb for ei kort tid, for eksempel i sommarferien.

Dersom arbeidsforholdet varar under ein månad, må arbeidsavtalen bli inngått umiddelbart. Dersom arbeidsforholdet varar i meir enn ein månad, må arbeidsavtalen bli inngått så snart som mogleg og seinast innan ein måned etter arbeidsforholdet starta.

Dersom arbeidsgivaren din ikkje gir deg ein slik avtale, bør du be om ein. Får du frankeus ikkje nokon avtale, bør du ta kontakt med tillitsvald eller verneombod. Uansett om du har avtale eller ikkje, har du samme rettigheiter etter lova. Arbeidstilsynet kan gi pålegg til arbeidsgivar om å utforme arbeidsavtale.

Arbeidstilsynet har ein standard arbeidsavtale du kan bruke

Skriftlege avtaler kan du lese om i arbeidsmiljølova kapittel 14 om tilsetting

På dei fleste arbeidsplassar skal det vere slått opp eit arbeidsreglement. Reglementet skal innehalde dei ordensreglar som trengst og regler for arbeidsordninga. Les reglementet og følg det.

I nokre bransjar er det minstelønn, men det vanlegaste er at lønn blir avtalt fritt mellom deg og arbeidsgivaren din eller ved tariffavtale.

Arbeidsgivaren din har som hovudregel ikkje lov å trekke deg i lønn eller i feriepengar. Lovlege trekk er for eksempel skatt, innskott til pensjons- eller sjukekasser, forsikringspremiar og fagforeiningskontingent bestemt i tariffavtalar.

Du har krav på ei skriftleg oversikt, ein lønnsslipp, som forklarar kor mykje du har fått utbetalt og kva trekk som er gjort (for eksempel skatt).

Reglane om utbetaling av lønn og feriepengar står i arbeidsmiljølova § 14-15

Den første tida i ny jobb er gjerne såkalla prøvetid. Det vil seie at både arbeidsgivaren og du skal sjå om du passar til jobben. Prøvetid gjelder berre om det er inngått skriftleg avtale om det. Prøvetida kan ikkje vare i meir enn seks månader (med mindre du er lenge borte på grunn av sjukdom). I prøvetida kan du siast opp på grunn av manglande tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit eller pålitelegheit.

Dersom du og arbeidsgivaren din har ein skriftleg avtale om prøvetid, har du ei oppseiingsfrist på 14 dagar, med mindre noko anna er skriftleg avtalt. Oppseiingstida i prøvetida gjeld frå den første dagen (ikkje frå den 1. i månaden etter at du fekk oppseiinga).

Når du er ny, har du krav på skikkeleg opplæring i jobben. Opplæringa skal både handle om korleis du skal gjere sjølve arbeidet, og kva spesielle reglar du må følge av omsyn til sikkerheit og helse.

Å lære deg opp til å meistre jobben høyrer med til arbeidsgivaren sin plikter. Opplæring er dermed ein del av den vanlege arbeidstida, og du kan ha krav på lønn for den tida du har opplæring.

Når du begynner å tene eigne pengar, må du bestille skattekort eller frikort hos Skatteetaten.

Arbeidstid, overtid, pausar, ferie og feriepengar

Arbeidstida for personar under 18 år skal leggast slik at den ikkje hindrar skolegang, eller hindrar det i å dra nytte av undervisning. 

Les meir om arbeidstid for personar under 18 år

Personar under 18 år kan ikkje jobbe overtid. Dersom du er over 18 år, kan du jobbe overtid.

Du har krav på overtidsbetaling for den tida som overstig alminneleg arbeidstid. Alminneleg arbeidstid er 9 timar i døgnet og 40 timar i veka. Du skal ha minst 40 prosent overtidsbetaling. Det kan inngåst avtale om betre vilkår enn det lova gir deg.

Det er reglar for kor mye overtid du kan jobbe

Du kan normalt ikkje ta pause når du vil. Er du derimot under 18 år og arbeider meir enn 4 og 1/2 timar dagleg, har du rett på pause i minst 30 minutt. Dersom det er mogleg, bør pausa vere samanhengande.

Er du over 18 år, har du krav på pause dersom arbeidstida overstig 5 og 1/2 timer i døgnet. Du har krav på pause i minst ein 1/2 time om arbeidstida er på minst 8 timar i døgnet.

Dersom arbeidet er lagt opp slik at du ikkje kan gå frå arbeidsstaden i spisepausa, eller det ikkje er tilfredsstillande pauserom, skal du også ha betalt for pausa. Pausa blir da rekna med i arbeidstida.

Det finnes også reglar om dagleg kviletid og vekentleg fritid som skal sikre at du får nok kvile mellom arbeidsperiodene.

Alle har rett til ferie i fire veker og ein dag hvert år. I tillegg har mange arbeidsplassar eigne avtalar som gir til saman fem veker ferie. Er du under 18 år og går på skole, må du ha minst fire veker fri i året. Av desse fire vekene skal du ha minst to veker om sommaren.

Feriepengar

Alle arbeidstakarar som har vore i jobb året før, tener opp feriepengar av bruttolønn. Jobba du ikkje året før, har du ikkje rett til å få utbetalt feriepengar. Ferielova sitt utgangspunkt er at feriepengar skal utbetalast når du avviklar ferie.

Når du sluttar eller byter jobb, skal du ha feriepengar utbetalt på siste lønningsdag før du sluttar.

Feriepengane er 10,2 prosent av det du har fått utbetalt i lønn året før. Dersom du jobbar ein stad der det er inngått avtale om ei femte ferieveke, er satsen 12 prosent. Feriepengane skal du ha utbetalt før hovudferien begynner. Det vanlegaste er at dei blir utbetalte i juni.

HMS og arbeidsmiljø 

Alt arbeid skal føregå under trygge forhold. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for dette, og som skal sørge for at arbeidsmiljølova blir følgd. Det er viktig å huske på at alle tilsette har eit ansvar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

På dei fleste arbeidsplassar skal det vere eit verneombod. Verneombodet skal ta seg av interessene til dei tilsette i saker som gjeld0 arbeidsmiljøet. Arbeidsgivar skal ta verneombodet med på råd under planlegging og gjennomføring av arbeid som personar under 18 år skal gjere.

Ta kontakt med verneombodet om det er noko du meiner er farleg eller uheldig på arbeidsplassen, og som du menier bør rettast opp.

I nore yrker er det lett å sjå kva som kan vere farleg, for eksempel maskiner og reiskap som det kan vere lett å skade seg på. Det kan finnast giftige eller helsefarlege stoff som er farleg å få på seg, svelge eller puste inn. Det kan være fare for å falle ned, for eksempel frå stillas. Gjenstandar kan falle ned og treffe nokon.

Det er regler for korleis forskjellige typar arbeid skal utførast så trygt som mogleg. For eksempel skal giftige og helsefarlege stoff vere merket på norsk, med opplysningar om kva farer dei kan føre til.

I andre yrker er ikkje farane så lette å sjå, men arbeidet kan vere belastende og gi alvorlege skaaer. Det gjeld for eksempel jobbar der du må løfte tungt eller sitte i samme arbeidsstilling lang tid av gongen. Mange i slike jobbar får belastningsjukdommar. Skadane kjem ikkje så brått som i jobbar med dei synlege farane, men dei kan vere like alvorlege. I slike jobbar er det spesielt viktig å lære seg gode arbeidsstillingar og sørge for variasjon i arbeidet.

Arbeidstakarar som er under 18 år, foreldra deira eller andre føresette skal få informasjon om eventuell risiko som er forbunden med arbeidet og om alle tiltak som skal settast i verk for å ta vare på sikkerheita og helsa til dei unge.

Dersom det ikkje er mogleg å trygge arbeidsplassen på anna måte, er det nødvendig å bruke spesielt verneutstyr. Dette kan for eksempel vere hjelm, maske, vernesko eller høyrselsvern.

Av omsyn til deg sjølv og dei andre på jobben, er det viktig at du følger reglane om bruk av slikt utstyr. Får du beskjed frå arbeidsgivaren om å bruke verneutstyr, har du plikt til å bruke det. Du kan bli oppsagt om du lar vere.

Arbeidsgivar skal føre lister over arbeidstakarar under 18 år. Har verksemda mindre enn 20 arbeidstakarar, må ikkje arbeidsgivar føre slike lister.

Lista skal vere oppdatert til kvar tid. Ho skal behaldast i verksemda, men skal vere tilgjengeleg for Arbeidstilsynet og verneombod på oppfordring.

Mal på listeføring av arbeidstakarar under 18 år

Du kan laste ned ein mal for listeføring:

Nynorsk – mal for å føre lister (word-format) (signform.no)

Nynorsk – mal for å føre lister (ODF-format) (signform)

Bokmål – mal for å føre lister (word-format) (signform.no)

Bokmål - mal for å føre lister (ODF-format) (signform.no)

Dersom du har problem med å laste ned skjemaa, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa:  info@signform.no

Når du sluttar i jobben

Når du sluttar i jobben, bør du kjenne til dette:

Dersom du vil slutte i jobben, må du levere ei skriftleg oppseiing. Dette gjeld ikkje om du er ansatt berre for ei avgrensa tid, og skal slutte til avtalt tid. Dersom arbeidsgivaren seier deg opp, skal oppsiinga innehalde opplysningar om kvifor du blir sagt opp, frist for å klage med meir.

Reglane om kva ei oppseiinga må innehalde, finst i arbeidsmiljøloven § 15-4.

Dersom oppseiinga ikkje inneheld alle dei opplysningane som § 15-4 har krav om, kan ein domstol bestemme at oppseiinga er ugyldig. Meiner du at du er usakleg oppsagt, må du gå til søksmål innan fire månader etter at oppseiinga skjedde. Kjem retten fram til at oppseiinga var ugyldig, kan du krevje erstatning.

I prøvetida er oppseiingstida 14 dagar, regkna frå første dag etter at oppseiinga er levert. Dette gjelder med mindre du har avtalt noko anna. Prøvetida må vere skriftleg avtalt på førehand.

Om ikkje anna er skriftleg avtalt eller fastsett i tariffavtale, er den kortaste oppseiingstida ein månad rekna frå første dag i månaden etter oppseiing. Dersom du for eksempel seier opp jobben den 20. januar, er oppseiingstida ein månad frå 1. februar.

Oppseiingstida fører ikkje til endringar i rettane og pliktene dine. Sjølv om du er i oppseiingstida har du både rett og plikt til å utføre arbeid, og arbeidsgivar skal betale deg lønn i samsvar med avtale for utført arbeid.

Du har krav på skriftleg attest når du sluttar i ein jobb. Attesten skal blant anna fortelje kva arbeid du har hatt, og kor lenge du har vore tilsett. Når du skal søke nye jobbar eller opptak ved skole, er det viktig at du har attest frå dei jobbane du har hatt tidlegare.

Nokon blir bedde om å slutte utan at dei sjølv ønskar det. I slike tilfelle har arbeidstakarane rettigheiter som skal sikre at dei ikkje blir urettferdig behandla. Arbeidsgivaren din må ha ein sakleg grunn til å seie deg opp, for eksempel av du ikkje har passa jobben din eller at bedriften må innskrenke.

Dersom du blir sagt opp, skal du ha skriftleg beskjed. Du kan krevje grunngjeving.

Dersom du meiner du har blitt urettferdig behandla og sagt opp utan god grunn, bør du straks, dersom du er fagorganisert, ta kontakt med ein tillitsvalgd for å få hjelp. Ut over dette kan advokat eller rettshjelp vere aktuelle. Oppseiing er privatrettsleg. Det betyr at det er berre ein domstol som kan ta stilling til saka di, men Arbeidstilsynet kan gi deg generell rettleiing.

Dersom det er heilt klart at du ikkje gjer jobben din, eller på annan måte klart bryt arbeidsavtalen, kan arbeidsgivaren seie deg opp og krevje at du sluttar straks. I slike tilfelle gjeld ikkje oppseiingsfristane. Avskjed er altså meir alvorleg enn oppseiing.

Du har krav på attest sjølv om du blir sagt opp eller får avskjed.


Konverter denne siden til PDF