Inkluderande arbeidsliv

Det overordna målet med IA-avtalen er å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall. Eit viktig verkemiddel for å oppnå dette er Arbeidsmiljøsatsinga og Arbeidsmiljøportalen. På Arbeidsmiljøportalen finn du kunnskap og verktøy til korleis de kan jobbe meir systematisk med dei forholda som er viktig for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din.

Arbeidsmiljøportalen

Arbeidsmiljøportalen skal gjere det enklare for partane på arbeidsplassen å jobbe med dei viktigaste forholda i arbeidsmiljøet sitt. Innhaldet på portalen er tilpassa ulike bransjar, slik at det er lett å kjenne seg igjen, og komme i gang med arbeidet.

Vi anbefaler at leiar, verneombod og tillitsvalde samarbeider om å utvikle arbeidsplassen sin. Verktøya i Arbeidsmiljøportalen er eit godt utgangspunkt for eit slikt samarbeid. Sidan arbeidsplassar er forskjellige, så kan ein i portalen velje dei ressursane og verktøya som passar best.

Innhaldet på Arbeidsmiljøportalen er utvikla i samarbeid mellom Arbeidstilsynet, STAMI, NAV, Havindustritilsynet og partane i arbeidslivet.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.

Les videre

Kva inneheld Arbeidsmiljøportalen?

Arbeidsmiljøportalen inneheld mellom anna

  • Arbeidsmiljøhjelpen (verktøy frå Arbeidstilsynet)  
  • En bra dag på jobb (verktøy frå STAMI)  
  • Fakta om bransjen (statistikk frå STAMI og Havindustritilsynet)  
  • Min side – arbeidsgivar (statistikk frå NAV) 

Innhaldet på Arbeidsmiljøportalen er utvikla i samarbeid mellom Arbeidstilsynet, STAMI, NAV, Havindustritilsynet og partane i arbeidslivet. Per i dag finst det kunnskap og verktøy for fleire bransjar og sektorar på Arbeidsmiljøportalen.

Arbeidsmiljøet

  • er knytt til korleis verksemda organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet
  • er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass, og krev derfor ulike tilnærmingar
  • påvirkar arbeidstakarane si helse, jobbengasjement og verksemda sine resultat

Det overordna målet med IA-avtalen (avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv) er å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall.

Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging, og eit godt samarbeid mellom leiar, tillitsvalde og verneombod er avgjerande for å lykkast i IA-arbeidet.

IA-avtalen har som mål å skape eit arbeidsliv med plass til alle, gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall. Perioden for den inneverande IA-avtalen går ut i 2022.

IA-avtalen 2019–2022 eit arbeidsliv med plass til alle (regjeringen.no)

Inkluderende arbeidsliv hos Regjeringa (regjeringen.no)

Arbeidsmiljøsatsinga

Arbeidsmiljøsatsinga er eit tverretatleg samarbeid mellom NAV, STAMI, Havindustritilsynet og Arbeidstilsynet. Gjennom arbeidsmiljøsatsinga skal det formidlast forskingsbasert kunnskap, som skal gi treffsikre bransjeretta tiltak og verktøy slik at verksemdene enkelt kan ta det i bruk. Arbeidsmiljøportalen samlar og gjer denne kunnskapen tilgjengeleg.

Gjennom arbeidsmiljøsatsinga rettar Arbeidstilsynet merksemda mot dei faktorane som i størst grad fører til sjukefråvær og fråfall. Dei organisatoriske, ergonomiske og psykososiale arbeidsvilkåra har stor påverknad på arbeidsmiljøet i ei verksemd. Desse faktorane har stor påverknad i arbeidet med å skape gode arbeidsplassar, uavhengig av kva slags arbeid som inngår i dei daglege arbeidsoppgåvene i verksemda.

Målet med arbeidsmiljøsatsinga er å styrke og motivere til felles innsats, og bidra til at verksemdene ser verdien og effekt av å jobbe førebyggande. Målgruppene er tillitsvalde, verneombod, HR-personell, mellomleiarar og bedriftshelsetenesta.

Les meir

Organisatoriske arbeidsvilkår

Ergonomiske arbeidsvilkår

Psykososiale arbeidsvilkår