Avvik og avvikshandtering

Alle verksemder skal ha rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga (HMS-lovgivinga).

Avvikshandtering handlar om å oppdage, melde, rette opp og førebygge brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.

Brot på HMS-regelverket er avvik

Alle hendingar som inneber brot på lovverket, blir rekna som avvik.

Avvik er brot på krava i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.

Avvik kan dreie seg om at tilsette manglar verneutstyr, at kjemikaliar blir handtert eller lagra feil, at tilsette blir skada på jobb, eller at arbeidstakarar som er utsette for støy, ikkje får gjennomført kontroll av høyrsla. Avvik kan handle om brot på viktige prosedyrar, instruksar eller rutinar i verksemda.

Omgrepet avvik omfattar alt som avvik frå sikker drift i verksemda, utan omsyn til bransje eller arbeidsoppgåver. Normale variasjonar i den daglege drifta er ikkje rekna som avvik.

Eksempel på avvik

Årsaka til uønskte hendingar skal registrerast som avvik:

  • Årsaka til alvorlege hendingar eller ulykker som har ført til skadar på menneske, miljø eller utstyr. Eksempel er årsaker til arbeidsulykker og arbeidsrelatert sjukdom, skadar på materiell og miljø, brann og miljø- eller helseskadelege utslepp.

Andre hendingar er kanskje ikkje like synlege, men bør likevel registrerast som avvik:

  • Årsaker til nestenulykker som under andre omstende kunne fått verre utfall. Det kan vere feil på sikkerheitskritisk utstyr som blir oppdaga i tide, ein open ventil som blir lukka, eller dårleg emballasje som må skiftast ut før det blir lekkasjar.

Eksempel: Kva er avviket?

Ein medarbeidar fall på isen utanfor inngangsdøra til arbeidsplassen og brakk beinet. Kva er avviket?

I dette tilfellet er det lett å seie at avviket er at medarbeidaren brakk beinet. Riktignok er det ei uønska hending at en medarbeidar brekker beinet, men er det eit avvik?

Når de vurderer kva som er avvik, må de stille spørsmålet «kvifor gjekk det gale?» 

I den vesle historia vår er avviket at verksemda ikkje hadde følgt rutinane for å strø glatte atkomstvegar. Avviket kan for eksempel meldast slik:
«Rutina for sikring mot glatt føre var ikkje følgt. Atkomstvegen til lageret var ikkje strødd fredag den 13. januar 2018.»

I all avvikshandtering må du stille spørsmålet «kvifor?». Det må til for å finne den eigentlege, bakanforliggande grunnen til hendinga, og ikkje berre kva som vart resultatet av avviket.

Arbeidsgivaren har ansvaret

Det er ikkje skaden som er avviket – det er årsaka til skaden som skal registrerast som avvik.

Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for at regelverket blir følgt, også når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Arbeidsgivaren har dermed òg ansvaret for at verksemda har, og brukar, eit system for å registrere og handtere avvik. 

Les meir om systematisk internkontroll

Registrer og handter avvik

Lova krev at arbeidsgivaren har oppretta eit system for å handtere avvik. God avvikshandtering dreier seg om å finne ut kva som er skjedd, kvifor det skjedde, rette opp tilhøvet og sørge for at det ikkje skjer igjen. Dette kan bidra til

  • at verksemda når måla sine
  • å hindre at dei samme avvika skjer gong på gong
  • å redusere risikoen for uønskte hendingar
  • eit sikrare arbeidsmiljø og eit betre ytre miljø
  • høgare produktivitet gjennom færre driftsstansar og mindre sjukefråvær, svinn og tap

Registrer nestenulykker

Registrer òg årsaker til nestenulykker som avvik, sjølv om det gjekk bra denne gongen.

Det kan koste meir å handtere skadane etter ei uønskt hending enn det kostar å førebygge årsakene til at at hendinga oppstår.

Bygg ein god kultur for avviksmelding

Eit levande avvikssystem er ein del av internkontrollen. For at systemet skal fungere, må arbeidsgivaren legge til rette for ein HMS-kultur der det ikkje berre er godteke, men forventa, at tilsette på alle nivå melder frå om avvik. I tillegg må arbeidstakarane kunne vere trygge på at arbeidsgivaren faktisk følger opp avvika og handterer dei seriøst.

Samanhengen mellom avvik og risikovurdering

Oversikta over avvik som er registrert, bør inngå som ein del av dokumentasjonen som dannar grunnlaget for risikovurderinga i verksemda. Målet er at eit systematisk arbeid for å redusere risiko i verksemda, over tid skal

  • redusere talet på avvik
  • redusere moglege kostnader som følge av avvika 

Les meir om risikovurdering

Ansvaret til arbeidstakaren

Alle medarbeidarane har plikt til straks å melde frå om avvik eller manglar på arbeidsplassen. Det bidrar til at verksemda kan lære av feila sine.

Les meir om arbeidstakaren si plikt til å medverke

Les meir

Om internkontrollOm risikovurdering

Regelverk

Om kravet til å registrere og følge opp avvik:Internkontrollforskrifta § 5 punkt 7  


Konverter denne siden til PDF