Under eit svangerskap er det fleire forhold ved arbeidsmiljøet som kan påverke fosteret og den gravide. Som ein alminneleg regel kan ein seie at fosteret har det bra når den gravide har det best mogleg og unngår uheldige belastningar.
Kjemiske stoff
Stoff som blir tatt opp i blodet til den gravide, kan nå fosteret. Dette gjeld også kjemiske stoff i arbeidsmiljøet. Generelt veit ein lite om korleis slike stoff i arbeidsmiljøet verkar på fosteret. Vi veit at fosteret vil vere meir ømfintleg enn den gravide for skadeverknader av enkelte stoff. Det er derfor alltid viktig at denne påverknaden blir så låg som mogleg. Sikkerheitsdatablad kan også opplyse om forplantningsskadar og risiko i samband med svangerskap.
Arbeidsmiljøet bør ikkje vere ein tilleggsrisiko til den generelle miljøforureininga som dei fleste av oss er utsette for. På nokre arbeidsplassar der det normalt er liten kontakt med kjemiske stoff, kan det i korte periodar bli høge konsentrasjonar av slike stoff på grunn av lekkasjar eller andre plutselege uhell. Slike arbeidsmiljø er ueigna for gravide. Det som "berre" er eit uhell for den vaksne, kan bli ein katastrofe for fosteret.
Ofte kan det vere vanskeleg å vurdere kva som er eit forsvarleg arbeidsmiljø for gravide. Legen eller jordmora som den gravide går til svangerskapskontroll hos, er nærmast til å gjere ei slik vurdering i samarbeid med den gravide. Der det er bedriftshelseteneste, kan begge få råd og hjelp til tilrettelegging og eventuell omplassering. Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) tilbyr gratis arbeidsmiljøvurdering for gravide i verksemder med kompliserte arbeidsmiljøforhold.
Stråling
Ioniserande stråling er energirik stråling, for eksempel frå radioaktive stoff og røntgenapparat. Denne typen stråling er farleg for fosteret. Arbeidstilsynet har førebels ikkje fastsett reglar for andre typar stråling i arbeidsmiljøet, som mikrobølger og radiobølger. Visse typar bruk av radiobølger i medisin og industri, som plastsveising og diatermi (varmebehandling) kan føre til at arbeidstakaren blir utsett for kraftige elektromagnetiske felt. Dette kan gi oppvarming av delar av kroppsvevet, noko som kan vere uheldig for fosteret. Gravide arbeidstakarar med slikt arbeid bør rådføre seg med lege eller jordmor.
Radon og radondøtrer ein kan finne i underjordiske rom og i inneklimaet, vil avgi alfa-partiklar. Denne strålinga verkar berre på kroppsoverflata, og kan verke i luftvegane når radongassen blir pusta inn. Fosteret er beskytta mot denne forma for stråling.
Arbeidsplassar med kjemiske eller fysiske arbeidsmiljøproblem kan iblant innebere ein risiko for fosteret og den gravide sjølv om tiltaks- og grenseverdiane til Arbeidstilsynet for forureining og annan påverknad er overhaldne. Dei fleste tiltaks- og grenseverdiane er sette utan omsyn til risiko for fosterskade.
Føresegner om omplassering av blant anna gravide/ammande arbeidstakarar er regulert i forskrift om utføring av arbeid § 3-22 og § 7-4.
Infeksjonsfare
Under svangerskapet er fosteret godt beskytta mot dei fleste infeksjonar den gravide blir utsett for, men det finst enkelte unntak.
På enkelte arbeidsplassar er det auka risiko for at arbeidstakarane kan bli smitta med infeksjonssjukdommar. Dette gjeld for eksempel arbeidstakarar som er tilsett i barnehagar og skolar, ved infeksjons- og barneavdelingar på sjukehus og ved laboratorium.
Gravide bør vere spesielt på vakt overfor infeksjonssjukdommar. Dersom epidemiske sjukdommar opptrer i arbeidsmiljøet (for eksempel raude hundar/rubella i barnehage eller skole), må den gravide arbeidstakaren så snart som mogleg søke råd hos den legen eller jordmora som har ansvaret for svangerskapskontrollen.
Dersom ein gravid arbeidstakar har ein jobb der ein stadig kan bli utsett for infeksjonsfare, og dei aktuelle infeksjonane kan føre til fosterskade, har arbeidsgivaren plikt til aktivt å legge arbeidet til rette slik at arbeidstakaren ikkje blir utsett for denne risikoen.
Det same gjeld ved planlagd graviditet dersom legeattesten viser at det har vore spesielle problem i tidlegare svangerskap, som abortar og medfødde misdanningar hos tidlegare søsken.
Rubella (raude hundar)
Dersom den gravide har rubella i første del av svangerskapet (dei første 12–16 vekene), er det fare for at fosteret kan bli smitta og utvikle skadar og misdanningar. Smitterisiko for rubella finn ein særleg på arbeidsplassar der ein kjem i nærkontakt med barn, for eksempel i barnehagar, i småklassane i grunnskulen og på infeksjons- og barneavdelingar på sjukehus.
Det er mogleg å vaksinere mot rubella. Vaksinen vernar i høg grad. Ein bør undersøke for rubellaantistoff på førehand. Utgiftene blir dekte over folketrygda. Folkehelseinstituttet kan gi fleire opplysningar.
Hepatitt B og HIV-smitte
Hepatitt B blir først og fremst spreidd ved "blod-til-blod"-overføring. HIV-smitte kan bli spreidd på same måte. Smitteoverføring kan blant anna skje ved at virus kjem inn i blodet ved stikk, i ferske hudskadar og sår. Gravide som blir smitta, vil kunne overføre sjukdommen til barnet. Utsette arbeidstakarar er særleg visse grupper helsepersonell. Mot hepatitt B finst det ein effektiv vaksine som spesielt utsette arbeidstakarar kan få.
Varmt og tungt arbeid
Fordi lungene og hjartet til den gravide også skal forsyne fosteret med surstoff og næring, legg graviditeten beslag på ein del av arbeidskapasiteten. I enkelte tilfelle kan det gå utover fosteret viss den gravide blir belasta for hardt under svangerskapet.
Svært varmt eller tungt arbeid, arbeid som inneber tunge løft, arbeid i vridde og vanskelege arbeidsstillingar, og langvarig arbeid i ståande stilling, er lite eigna for gravide. Særleg gjeld dette dei siste månadene av svangerskapet.
Arbeid der ein blir utsett for kraftig risting, for eksempel som sjåfør av tunge anleggsmaskinar eller andre køyretøy, kan vere uheldig. Det er mogleg at slikt arbeid kan auke risikoen for spontanabort, særleg for gravide som tidlegare har hatt fleire abortar. Dersom det har vore problem i tidlegare svangerskap, bør risikoen ved slike arbeidsforhold som her er nemnde, bli vurderte ekstra nøye.
Nattarbeid og anna ulagleg arbeidstid
Gravide treng mykje søvn. Undersøkingar av gravide med nattarbeid viste at dei gjennomsnittleg fekk mindre søvn per døgn enn andre med arbeid på dagtid. Nattarbeid er ei belastning for alle, men gravide er særleg utsette for å få problem med slikt arbeid.
Skiftarbeid og forskjellige ordningar med ulagleg arbeidstid kan gi tilsvarande problem.