All post som blir send til Arbeidstilsynet, er som hovudregel offentleg, jf. offentleglova. Det gjeld både e-post og brevpost. Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkommande korrespondanse, der namnet til avsendaren og mottakaren, datoen på dokumentet og ei kort beskriving av dokumentinnhaldet vanlegvis kjem fram.
Den som ønskjer det, kan be om innsyn i saksdokumenta via Offentlig elektronisk postjournal, noko som kan inkludere innsyn i e-postar eller brev frå privatpersonar.
Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, kjem ikkje desse fram i journalen, og dei blir strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet.
E-postbruk har svake sider med tanke på tryggleik. Arbeidstilsynet ber difor om at førespurnader som inneheld sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter, aldri blir sende via e-post.