Kven gjeld forskrifta for?
Internkontrollforskrifta gjeld for alle verksemder som blir omfatta av bestemde lover som behandlar ulike helse-, miljø- eller sikkerheitsomsyn.
Du kan gå ut frå at forskrifta gjeld for bedrifta dykkar, så sant de produserer, sel eller tilbyr varer og tenester. Først og fremst er internkontroll arbeidsgivaren sitt ansvar, men alle tilsette har både rettar og plikter i samband med HMS-arbeidet. Les meir om ulike rollar i HMS-arbeidet.
Dersom de er usikre på kva internkontrollforskrifta betyr for bedrifta dykkar, kan de be vår Svarteneste om hjelp.
Tilsynsmyndigheitene kontrollerer at HMS-reglane blir overhaldne gjennom tilsynsbesøk, stikkprøver eller meir omfattande gjennomgang av heile HMS-systemet i bedrifta. Ved brot på regelverket kan myndigheitene gi pålegg om å rette opp forholdet innan ein viss frist. Dersom pålegget ikkje blir overhalde innan fristen, kan bedrifta få dagbøter som går fram til pålegget er oppfylt. I alvorlege tilfelle kan det også bli snakk om forureiningsgebyr og politimeldingar.
Mange kundar og leverandørar stiller også krav til HMS. Stadig fleire krev for eksempel at deira kontraktspartnarar og underleverandørar kan dokumentere godt HMS-arbeid. Gode rutinar for HMS kan også vere viktig for forsikringspremien. Mangelfulle rutinar kan derimot føre til problem med forsikringsoppgjer i eit skadetilfelle.
Internkontrollforskrifta er knytt opp mot ei rekke lover og forskrifter, og blir forvalta av fleire myndigheiter. Kva regelverk som er aktuelt for dykk, er avhengig av kva slags arbeid de utfører i bedrifta. Dei mest sentrale myndigheitene er Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Miljødirektoratet og Næringslivets sikkerheitsorganisasjon. Desse fører tilsyn med at regelverket blir følgt.
