Andre behandlingar

Besøk i Arbeidstilsynets lokale og deltaking på arrangement i vår regi:

Når du melder deg på kurs, blir informasjon lagra til bruk for kursadministrasjonen og for eventuelt å ta inn kursavgift.

Vi nyttar for tida ulike leverandørar av slike tenester, og viser til eigne personvernerklæringar på desse sidene.

Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den enkelte. Dei rettkomne interessene er å avvikle besøk, arrangement og kurs på ein god måte.

På nokre inngangsparti til kontora til Arbeidstilsynet er det montert eit kamera som blir aktivert når ein ringer på dørklokka. Biletet blir berre vist i sanntid, det er ikkje mogleg å gjere opptak av det.

Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sine interesser eller grunnleggande rettar og fridommar. Den rettkomne interessa er å sikre tilgangen til Arbeidstilsynets lokale. 

Dersom du søker på ei stilling hos Arbeidstilsynet, treng vi å behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden.

Alle stillingssøknader, med CV, vitnemål og attestar, blir journalførte i Arbeidstilsynets postjournal. Dei blir lagra i det elektroniske arkivet vårt i cirka 1 år før dei blir makulerte. Alle andre dokument, mellom anna søkarlister og innstillingar blir bevarte. Journalopplysningar blir ikkje sletta, men er skjerma i Offentleg elektronisk postjournal (dvs. at personnamn / namn på søkar ikkje kjem fram).

Arbeidstilsynet bruker jobbsøkeportalen Webcruiter til å administrere innsende søknader til dei ledige stillingane våre. 

For å vurdere innsend dokumentasjon, gjennomføre intervju og ringe referansar er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

Denne føresegna tillèt oss å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre tiltak på oppmoding frå jobbsøkaren før det blir inngått ein avtale. Ved å søke på stillinga og laste opp dokument går vi ut frå at jobbsøkaren ber oss vurdere den innsende dokumentasjonen, gjennomføre intervju og ringe referansar med sikte på å inngå ein arbeidsavtale.

Dersom vi gjer eigne undersøkingar ut over dette, for eksempel at vi kontaktar nokon som har skrive ein attest, men som ikkje er oppgitt som referanse, er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sine interesser eller grunnleggande rettar og fridommar. Den rettkomne interessa er å finne rett kandidat til stillinga.

Du treng ikkje å oppgi særlege kategoriar av personopplysningar i søknaden din eller i intervju. Du kan likevel velje å gjere det. Dersom det er søkarar som oppgir å ha ei funksjonsnedsetting som vil krevje tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, har vi plikt til å kalle inn minst éin av desse søkarane til intervju, jf. forskrift til lov om statens ansatte mv. § 4.

Behandlingsgrunnlaget for desse opplysningane er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c, at behandlinga er nødvendig for å etterleve ei rettsleg forplikting, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav b, at behandlinga er nødvendig for at vi skal kunne oppfylle forpliktingane våre på området arbeidsrett i tråd med lova.

I andre tilfelle er behandlingsgrunnlaget  personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså ditt eksplisitte samtykke, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav a.

Du kan når som helst trekke tilbake dette samtykket. At du trekker samtykket tilbake, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.

Stillingssøknader blir oppbevarte i Webcruiters jobbsøkarsystem. Generelle Søknader blir sletta innan 12 månader. Søkarlister og innstillingar og stillingssøknader på avdelingsdirektørnivå blir overførte til saks- og arkivsystemet vårt og tatt vare på og oppbevarte i tråd med arkivlovgivinga (sjå ovanfor om arkiv- og offentlegheitslovgiving).