Rettane dine

Rettane dine

Alle som spør, har rett på informasjon om personopplysningar om den enkelte som blir behandla i verksemda, jf.  jf. personvernforordninga artikkel 15. 

Arbeidstilsynet har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnader. Dei som er registrerte i eit av systema våre, har rett på innsyn i eigne opplysningar.

Har du spørsmål om arbeidsmiljø? 

Dersom du har spørsmål om arbeidsmiljø, arbeidsvilkår eller kva rettar og plikter du har i arbeidslivet, kan du kontakte Svartenesta vår på telefon eller chat. 

Har du spørsmål om personopplysningane dine?

Du har rett til innsyn i opplysningar som Arbeidstilsynet har lagra om deg. Du har også rett til å be om å få retta eller sletta personopplysningar eller få avgrensa behandlinga av personopplysningar som gjeld deg sjølv, eller til å protestere mot behandlinga.

Dersom du har gitt samtykke til at vi behandlar data om deg, kan du når som helst trekke samtykket tilbake.

Du skal få svar på krav om innsyn kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar.

Dersom du ønsker innsyn i personopplysningane dine, kan du sende ein førespurnad via eDialog 
Telefon: +47 73 19 97 00
Postadresse: Postboks 4720 Torgarden, 7468 Trondheim

Du kan også kontakte svartenesta vår eller personvernombodet vårt.

Vil du søke innsyn i andre saker?

Dersom du vil søke om innsyn i andre saker, kan du lese meir om innsyn her. 

Klage til Datatilsynet

Dersom du meiner at vi har gjort noko som er i strid med personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet. Vi rår likevel til at du tar kontakt med oss eller personvernombodet vårt før du eventuelt sender ein klage til Datatilsynet.