Arbeidstilsynet ønskjer innspel på forslag til endringar i truckopplæringa

Publisert 26.09.2022 - Lesetid: 1 min

Krava til truckopplæring skal bli tydelegare. Arbeidstilsynet har foreslått endringar i opplæringsplanane og inviterer til innspel på forslaga. Fristen er 23. desember.  

Mann kjører truck.

TRUCKOPPLÆRING: Alle kan gi innspill på krav til truckopplæring til Arbeidstilsynet. FOTO: Colourbox

Endringane får konsekvensar for krav til dokumentasjon av gjennomførd opplæring innan kran og anleggsmaskiner òg. 

– Målet med endringane er å gjera det tydeleg kva som inngår i den grunnleggande opplæringa for løfte- og stablevogner for gods. Dette treng vi innspel på, fortel sjefsingeniør Solfrid Engene Røyset i seksjonen for marknadskontroll i Arbeidstilsynet. Seksjonen har ansvar for sertifiseringsordninga for opplæring. 

– Alle kan gi innspel og alle innspel blir publiserte på nettsidene våre for høyringar, seier Engene Røyset. 

Har du innspel til forslaga? Send dei til Arbeidstilsynet innan svarfristen 23. desember 2022. Bruk eDialog når du sendar oss innspel. Bruk referansenummer 2022/39471. 

Les meir om forslaga og korleis du gir innspel 

Les mer

Trygg truckføring