Trygg truckkøyring

Bruk rett truck og sørg for god opplæring og godt vedlikehald.

Truck er ein av dei maskinane som er involvert i flest ulykker. Ulykker med truck skjer oftast i situasjonar som

  • påkøyring
  • kollisjon med annan truck, reol, stolpe eller liknande
  • last som fell av
  • velt
  • fall frå trucken

Råd for å unngå truck-ulykker

Bruk rett type truck og reiskap til det arbeidet du skal gjere.

Sørg for at alle truckførarane har fått god opplæring og at dette er dokumentert.

Hald truckane i god stand og vedlikehald dei jamnleg.

Det skal vere forsvarleg ventilasjon ved ladestaden for truckbatteri.

Å bruke setebelte kan redde liv og hindre alvorlege ulykker, slik som i situasjonar der trucken veltar eller ved påkøyring. 

Skil trucktrafikken frå dei gåande, særleg når det er mykje trafikk. Sørg for tilstrekkeleg plass, god orden, godt lys og jamt underlag der truckane skal køyre.

Sørg for best mogeleg sikt ved hjørne, godsstablar og liknande. Legg køyrevegen for trucken eit stykke ut frå veggen eller hjørnet, ikkje sett høge gjenstandar der to køyrebanar møtast. Sladrespeil i lokalet kan hjelpe.

Plasser arbeidsplassar, arbeidsutstyr, dører, lysbrytarar og liknande i god avstand frå køyrebanar for truck.

Sørg for å sikre konteinarar, tilhengarar og liknandene slik at dei står roleg og ikkje sklir bort frå rampa når trucken køyrer inn og ut av dei.

Høg fart aukar faren for påkøyringsulykker og velt. Mange truckar har ei justerbar fartssperre som arbeidsgjevaren kan bruke til å avgrense farten.

Ikkje bruk trucken til passasjertransport og bruk ikkje folk til å sikre lasta.

Skal du løfte personar, skal dette berre skje unntaksvis og berre i ei korg som er tilpassa trucken. Du skal kontrollere utstyret før kvart løft.

Ei vanleg ulykke med palletruck med ståplattform er at føraren får foten i klem mellom kanten av plattforma og ein reol, vegg eller stolpe. Stå med begge føtene på plattforma når du køyrer.

Sideveggar på ståplattforma er eit godt tiltak for å verne truckføraren mot klemfare. Sørg for at det er ei sperre under nedste hylle i reolane, slik at plattforma på trucken ikkje kan kome inn under.

Eksempel på ulykker med truck

  • Ein lastebilsjåfør gjekk over ein køyrevegen i laste- og lossesonen utanfor ein fabrikk. Han vart påkøyrt bakfrå av ein truck og ført 2–3 meter bortover før truckføraren oppdaga det som hadde skjedd.
  • Føraren av ein palletruck med ståplattform mista balansen under ein svingmanøver, slik at han fekk beinet utanfor plattforma. Beinet vart klemt mellom plattforma og ei søyle i lagerhallen.
  • To palletruckar med ståplattform kolliderte i eit kryss mellom to køyrevegar inne på eit grossistlager for matvarar. Førarane såg ikkje kvarandre på grunn av høge stablar med gods ut mot «vegkrysset».
  • En sjåfør vart klemt mellom lastebilen og ein bunke sponplater som raste ned frå ein truck som lossa bilen. Trucken var for liten og vippa framover da bunken vart løfta. Ei stor grop i asfalten gjorde også sitt til at trucken vippa.
  • Ein person gjekk ved sida av trucken for å støtte lasta. Lasta sklei av og personen vart klemt.
  • Ein truck falt ned mellom ein lastebiltilhengar og rampa på ein godsterminal. Trucken var på veg ut frå hengaren. Han var ikkje godt nok sikra, og hadde trilla litt vekk frå rampa på grunn av rørslene til trucken.

Regelverket krev:

Arbeidsgivaren skal i samarbeid med arbeidstakarrepresentantane kartlegge forholda rundt truckarbeidet, og vurdere risiko. Ut frå dette skal verksemda velje løysingar som inneber låg risiko. Dette er ein del av HMS-arbeidet i verksemda og skal dokumenterast skriftleg.

Trucken skal vere CE-merka dersom han er omsett første gongen innan EØS-området etter 1. januar 1995. Også eldre truckar skal oppfylle dei same krava til tryggleiken. 

Leverandøren har plikt til å levere setebelte i motvektstruckar under 10 tonn. Arbeidsgivaren skal installere setebelte på tilsvarande truckar som er tatt i bruk før 1. januar 2002. Arbeidsgivaren skal sørge for at setebeltet blir brukt.

Alle som skal bruke truck, eller «løfte og stablevogn med permanent førarplass på vogna», som det heiter i forskrifta, skal ha sertifisert tryggleiksopplæring (truckførarbevis). Sjå forskrift om utførelse av arbeid §§ 10-1 og 10-3. I tillegg skal alle truckførarar ha opplæring i bruken av den aktuelle trucken dei blir satt til å køyre, sjå forskrift om utførelse av arbeid §§ 10-1, 10-2 og 10-4.

Godkjende opplæringsverksemder utferdar truckførarbevis etter kurs med godkjend resultat.

Arbeidsgivaren pliktar å gi opplæring og instruksjon til truckførarar og andre som arbeider i områder der truck er i bruk.

  • Dagleg kontroll
  • Regelmessig vedlikehald
  • Årleg kontroll utført av sakkyndig verksemd :
    • minst ein gong kvar tolvte månad
    • ved overbelasting
    • etter større reparasjonar og ombyggingar

Les mer på siden om Arbeidsutstyr med krav om sakkyndig kontroll og sikkerhetsopplæring.

Arbeidsplassen må være tilrettelagt for truckkjøring. Arbeidsplassforskriften har krav til utforming av arbeidslokaler og arbeidsplassar inne og ute.