Nettmøte: Rolla som verneombod på ein kontorarbeidsplass - ønskereprise

Teams

Rolla til verneombodet går ut over å handheva reglar og retningslinjer – den inneber ein viktig balanse mellom å sjå til, og å påverka konstruktivt. Rolla kan vera utfordrande, og til tider einsam.

Som verneombod kan du setjast i krevjande situasjonar, der du må balansera mellom å representera interessene til kollegaene dine, samtidig som du held oppe ein konstruktiv dialog med leiinga. 

Vi inviterer til eit nettmøte for å styrke kompetansen din og gi deg nyttige tips i utøvinga av rolla.  

  • Når: 23. mai kl. 9.00-11.00
  • Kvar: Teams, påmelde mottar lenke 
  • Påmeldingsfrist: 22. mai kl. 10.00

Meld deg på nettmøtet her

NB! Vi presiserer at desse nettmøta er «ønskereprise» frå ein serie med nettmøte som vart gjennomførte i januar og februar. «Ønskereprise» blir gjennomført sidan svært mange ikkje fekk plass på nettmøta i januar og februar.  

I løpet av hausten vil det gjennomførast nettmøte for verneomboda med andre og meir fordjupande tematikk.

Innhald

Arbeidsmiljøet er av avgjerande betydning for helsa og produktiviteten til tilsette. Som verneombod har du ei viktig rolle i å bidra til gode arbeidsforhold.  

Målet med dette nettmøtet er å styrke kompetansen din og gi deg nyttige tips, slik at rolla som verneombod på kontorarbeidsplassen blir enklare å fylla.  

Me skal diskutera utfordringar, erfaringar og beste praksis. Du lærer meir om korleis du kan fungera godt i rolla, og får snakka med verneombod frå andre kontorarbeidsplassar.

I møtet vil det bli moglegheit for å stilla spørsmål, og å dele idear og tips med kvarandre. 

Påmelding

Nettmøtet er gratis å delta på, men du må melda deg påLenke til nettmøte blir send til påmelde. Me ser fram til å treffa deg! 

Velkommen!

Alle datoer for ønskereprise:

Bruk lenkene for å lese mer og melde deg på: