Ammefri

Ei mor som ammar, har rett til fri frå jobb den tida ho treng for å amme barnet sitt.

Betalt ammefri

Inntil ein time av den tida mor treng til amming, blir gitt med full lønn så lenge barnet er under eit år. For å få ammefri må arbeidsdagen til mor vere sju timar eller meir. Dette er inkludert naturlege ulønna pauser slik som lunsj.

Nokre har rett til to timer betalt ammefri gjennom tariffavtalen dei er knytt til. Sjekk med arbeidsplassen din eller fagforeining kva som gjeld for deg.

Når og kor lenge kan mor ha ammefri?

Det er mor sitt behov for ammefri, som blir lagt til grunn for kor mykje og på kva tid i løpet av arbeidsdagen ho tek ut ammefri. Arbeidsgivar kan ikkje styre når mor tek fri og grunngi dette med omsyn til drift på arbeidsplassen. Dersom ammefri fører til problem eller ulemper for arbeidsgivar, er det arbeidsgivar sitt ansvar å løyse dette.

Arbeidsgivar kan ikkje pålegge ei kvinne som ammar, å ta ammefri på starten eller slutten av dagen eller nekte ho ammefri på grunn av låg bemanning.

Ammefri er ein rett til å ta ut fritid for å amme, pluss tid til ekstra køyreveg dersom ein køyrer til barnet for å amme. Ammefri kan ikkje bli brukt for å kompensere for nattamming eller amming på andre tidspunkt enn det tidspunktet ein faktisk tek ut ammefri.

Ubetalt ammefri

Arbeidstakarar med kortare dag enn sju timar har rett til så mykje ubetalt ammefri som dei har behov for. Det er inga øvre grense for alderen på barnet for å ha rett til ubetalt ammefri.

Konfliktar om ammefri?

Dersom det oppstår konfliktar om ammefri, kan ein ta kontakt med Arbeidstilsynet eller bringe saka fram for Tvisteløysingsnemnda

Regelverk

Reglane om retten til ammefri finn du i arbeidsmiljølova § 12-8


Konverter denne siden til PDF