Last ned bildefila som viser at de er godkjende

Har de fått godkjenning til å tilby tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, kan de her laste ned bildefila som viser at de er godkjende. Denne fila skal de bruke på nettsidene dykkar.

Last ned bildefila som viser at de er godkjende

Nynorsk: Last ned bildefila som viser at de er godkjende (PNG)

Bokmål: Last ned bildefila som viser at de er godkjende (PNG)

Slik skal de bruke bildefila  

Legg ut bildet på nettsidene

På nettsida dykkar og/eller profilen på sosiale medium skal de bruke bildefila de har lasta ned. Bildet skal lenke til oppslaget for verksemda dykkar i oversikta.

Teksten som skal ligge saman med bildet

Saman med bildet skal de legge inn ein tekst på nettsidene:

<verksemd> er godkjent av Arbeidstilsynet for å tilby tenester innan bilpleie, hjulskift og hjullagring. Sjå https://www.arbeidstilsynet.no/godkjenninger/finn-godkjent-bilvask-dekk for status og meir informasjon.

<virksomhet> er godkjent av Arbeidstilsynet for å tilby tjenester innen bilpleie, hjulskift og hjullagring. Se https://www.arbeidstilsynet.no/godkjenninger/finn-godkjent-bilvask-dekk for status og mer informasjon.

De må fjerne bildet når godkjenningsbeviset dykkar er utgått eller de ikkje lenger er godkjent. 

Det er ikkje tillate å bruke bildefila, godkjenningsbeviset eller logoen til Arbeidstilsynet på reklamemateriell, for eksempel brevark, konvoluttar, stempel, kledning, køyretøy, trykte annonsar eller andre former for firmaprofilering.