«Leverandøren skal syte for at tilsette i eigen organisasjon og tilsette hos eventuelle underleverandørar ikkje har dårlegare løns- og arbeidsforhold enn det som følgjer av [ ... ]. Dette gjeld berre for tilsette som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten. Leiaren av verksemda er ansvarleg for at denne regelen vert etterlevd. Alle avtaler leverandøren inngår som inneber utføring av arbeid under denne kontrakten skal innehalde tilsvarande føresegner. Dersom leverandøren ikkje etterlever klausulen, har oppdragsgjevaren rett til å halde tilbake delar av kontraktssummen til det er dokumentert at forholdet er i orden. Summen som blir tilbakehalden skal svare til ca. 2 gonger innsparinga for arbeidsgjevaren. Leverandøren skal på oppmoding leggje fram dokumentasjon om dei løns- og arbeidsvilkåra som vert nytta. Dokumentasjonsplikta omfattar også underentreprenørar (underleverandørar).»