Frå 1. januar blir det tydelegare kven som skal reknast som arbeidstakarar

Publisert 29.11.2023 - Lesetid: 2 min

Arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljøloven blir no presisert for å gjere det enklare å skilje mellom arbeidstakarar og oppdragstakarar. Definisjonen er viktig fordi arbeidstakaromgrepet er «inngangsporten» for å bli beskytta av arbeidsmiljøloven og dei tilhøyrande forskriftene.

Bildet viser ei kvinne som sitter foran en PC-skjerm. Man ser ikke ansiktet til kvinnen.

LETTARE Å TYDE: Frå nyttår får arbeidsmiljøloven ein ny og meir omfattande definisjon av omgrepet arbeidstakar. FOTO: Arbeidstilsynet.

Formålet med lovendringa er å styrke rettane til arbeidstakarane i eit arbeidsliv i endring. Endringa skal blant anna sikre at dei som reelt sett er arbeidstakarar får det arbeidsrettslege vernet dei har krav på.

Arbeidsmiljøloven gjeld for arbeidstakarar

Dei siste åra har det vakse fram ei rekke nye arbeidsplassar og tilknytingsformer i arbeidslivet. Eit døme er plattformarbeid der arbeidet er organisert gjennom digitale arbeidsplattformer.

For mange kan det vere uklart om dei faktisk er arbeidstakarar eller ikkje. Presiseringa i arbeidsmiljøloven skal gjere det enklare å finne riktig definisjon.

– Mange som burde klassifiserast som arbeidstakarar, er i dag klassifiserte som oppdragstakarar. Ettersom arbeidsmiljøloven gjeld der det er eit arbeidsgivar- og arbeidstakarforhold, vil ein som oppdragstakar gå glipp av rettar og vern som arbeidsmiljøloven sikrar arbeidstakarar, seier seksjonsleiar Tonje Faanes i seksjon for regelverk i Arbeidstilsynet.

Lovteksten beskriv kven som er arbeidstakarar

Frå 1. januar blir ein arbeidstakar definert som «alle som utfører arbeid for og underordna ein annan». I vurderinga skal det blant anna bli lagt vekt på

  • om vedkommande løpande stiller den personlege arbeidskrafta si til disposisjon
  • om vedkommande er underlagd styringa, leiinga og kontrollen til arbeidsgivar

Om arbeidsforholdet er slik, taler det for at personen skal bli klassifisert som arbeidstakar. Vurderinga vil likevel vere avhengig av ei heilskapsvurdering, og det er fleire moment enn dei som blir nemnde i lovteksten som kan ha noko å seie.

Sjå lovvedtak som beskriv regelverksendringa frå 1. januar 2024

Skjerpa beviskrav for oppdragsgivarar

Med lovendringa skal ein person bli rekna som arbeidstakar, ikkje oppdragstakar, med mindre oppdragsgivar gjer det «overveiande sannsynleg at ein er i eit oppdragstakarforhold».

– Ved tvilstilfelle skal ein derfor konkludere med arbeidstakarstatus. Dersom oppdragsgivar ikkje kan bevise at ein person er oppdragstakar, blir vedkommande klassifisert som arbeidstakar med dei rettane det medfører, seier Tonje Faanes i Arbeidstilsynet.