Europa: Færre skadar og dødsfall på arbeidsplassen, meir emosjonelt stress

Publisert 26.10.2023 - Lesetid: 3 min

Korleis har arbeidsmiljøet i Europa utvikla seg over to tiår? EU sitt byrå for sikkerheit og helse på arbeidsplassen, EU-OSHA, har samla saman status og trendar for arbeidsmiljøutviklinga i Europa dei siste 20 åra.

Illustrasjonsfoto av en mann som kjefter på to personer

PSYKOSOSIAL RISIKOFAKTOR: Det å få kjeft er emosjonelt belastende, og er ei aukande arbeidsmiljøutfordring i heile Europa. Illustrasjon: Arbeidstilsynet

– Rapporten gir eit viktig perspektiv på korleis arbeidsmiljøet har utvikla seg dei siste 20 åra, og vi kjenner att utviklinga også i norsk arbeidsliv. Det er ei vending mot at psykososiale og organisatoriske risikofaktorar får større tyding, seier avdelingsirektør Monica Seem i Arbeidstilsynet.

Les rapport: Summary - Occupational safety and health in Europe: state and trends 2023 | Safety and health at work EU-OSHA (europa.eu)

Her er nokre av hovudfunna:

  • Det har vore ein markant nedgang i skadar og dødsfall som følgje av arbeidsulukker sidan 1998 (nær 60 % reduksjon).
  • Talet på arbeidstakarar som vert utsette for fysiske, kjemiske, biologiske og ergonomiske faktorar flatar ut. Det same gjer talet på arbeidstakarar som melder frå om ubehagelege arbeidstider, tid- og arbeidspress.
  • Fleire arbeidstakarar har arbeid i yrker kor dei jobbar med folk. Vi ser eit skifte der psykososiale risikofaktorar og emosjonelt krevjande arbeid blir meir sentrale.
  • Det er ein vidare fragmentering av arbeidslivet, utfordringar med å følgje regelverket og auka fokus på individet sitt ansvar for eige arbeidsmiljø.

Meir emosjonelt stress

Rapporten viser til at det er færre som arbeider manuelt og fysisk, og fleire som jobbar administrativt og mot kundar. Det har vore ein auke i psykososiale og emosjonelle utfordringar, i tillegg til mindre fysisk aktivitet på jobb. Ein aukande del av arbeidstakarane fortel om krevjande kundar, lange arbeidsdagar og dårleg kommunikasjon på arbeidsplassen.

Korleis påverkar dette arbeidet til Arbeidstilsynet?

I 2021 starta Arbeidstilsynet eit arbeid for å vurdere og styrke arbeidsmiljølova sine krav til det psykososiale arbeidsmiljøet. Emosjonelle krav er eit døme på noko som spelar inn på det psykososiale arbeidsmiljøet. Det kan handle om å handtere eigne eller andres følelsar i møte med andre, det vere seg kundar, elevar eller pasientar.

Arbeidstilsynet konkluderer med at regelverket vi har i dag ikkje er eit godt nok verktøy for å bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø. I denne nyheitssaka kan du lese om korleis Arbeidstilsynet ønsker å styrke reguleringa av det psykososiale arbeidsmiljøet.