1. januar blir krava til kommunikasjon og språkferdigheiter i bygg- og anleggsbransjen skjerpa

Publisert 14.12.2023 - Lesetid: 4 min

Frå nyttår kjem det nye språk- og informasjonskrav på norske bygge- og anleggsplassar. Formålet er å hindre at kommunikasjonsproblem skal utgjere ein sikkerheitsrisiko.

Bildet viser to personer på en byggeplass. Den ene av dem tar imot ei plate som senkes med ei kran.

SKAL KUNNE KOMMUNISERE: Bygg og anlegg er ein av dei største næringane i landet. Mange utanlandske arbeidstakarar jobbar i næringa, og no blir byggherreforskrifta endra for å unngå at kommunikasjonsproblem kan føre til feil og misforståingar. FOTO: Arbeidstilsynet.  

Krava kjem som følge av regjeringa sitt arbeid med Noregsmodellen, som skal fremme eit trygt og seriøst arbeidsliv og bevare den norske arbeidslivsmodellen.

Sjå endringsforskrifta som beskriv endringa frå 1. januar 2024 (lovdata.no).

Krav til forståeleg skriftleg dokumentasjon

Frå nyttår vil byggherreforskrifta stille krav om at all relevant skriftleg dokumentasjon skal finnast på eit språk som kvar enkelt arbeidstakar forstår godt.

Byggherreforskrifta sin §19 om informasjonsplikt blir bygd ut med eit tredje ledd, som blir slik: 

Skriftleg dokumentasjon som blir nytta i eller er relevant for arbeidet den enkelte skal utføre, slik som plan og rutinar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø, sikkerheitsopplæring, verneprotokollar, sikkerheitsinstruksar, sikkerheitsdatablad, varselskilt og bruksrettleiingar for verktøy og arbeidsutstyr osb., skal ligge føre slik at den enkelte forstår informasjonen godt.

– Arbeidsgivar må kartlegge språkkompetanse hos arbeidstakarane, vurdere kva arbeid den enkelte skal utføre, og på bakgrunn av det omsette relevant sikkerheitsdokumentasjon, fortel Tonje Faanes, som er seksjonsleiar for seksjon for regelverk i Arbeidstilsynet.

– At relevante sikkerheitsdokument skal vere lette å finne og enkle å forstå, betyr likevel ikkje at all dokumentasjon må omsettast til ulike språk. Berre den dokumentasjonen som har noko å seie for kvar enkelt arbeidstakar.

Forskriftsendringa om skriftleg dokumentasjon er i stor grad ei presisering av gjeldande rett. Arbeidsmiljøloven og arbeidsmiljøforskriftene har allereie reglar om at informasjon skal vere forståeleg for arbeidstakarane.   

Krav om språkferdigheiter

Frå 1. januar kjem det også eit nytt krav om munnlege språkferdigheiter på bygge- og anleggsplassar. Kravet om språkferdigheiter skal sikre at den løpande kommunikasjonen i eit arbeidslag kan forståast av alle.

Byggherreforskrifta sin §19a blir slik:

Arbeidsgivaren skal sørge for at arbeidstakarane og innleigde arbeidstakarar i verksemda kan kommunisere på ein slik måte at kommunikasjonen ikkje utgjer ein sikkerheitsrisiko.

Arbeidsgivaren skal særleg sørge for at minst éin blant dei utførande arbeidstakarane og innleigde arbeidstakarane på alle arbeidslag på bygge- eller anleggsplassen skal, når det er nødvendig for å vareta sikkerheitsomsyn, kunne forstå og gjere seg forstått på eit språk dei andre på arbeidslaget forstår og kan gjere seg forstått på.

Utgangspunktet er at minst éin person på kvart enkelt arbeidslag skal kunne forstå og gjere seg forstått på norsk eller engelsk, og også på eit språk som alle dei andre i arbeidslaget beherskar. Det kjem fram av høyringsnotatet til endringa.

– Det skal til kvar tid vere éin eller fleire slike «nøkkelpersonar» som beherskar fleire språk i arbeidslaget. På den måten blir det mogleg å ha løpande dialog trass i ulike språkferdigheiter, seier Tonje Faanes i Arbeidstilsynet.

Språkkrava gjeld i arbeidslag der det er nødvendig for å vareta sikkerheita. Kravet om at minst éin person på det enkelte arbeidslaget skal kunne forstå og gjere seg forstått på norsk eller engelsk, er dermed ikkje absolutt.  På mindre byggeplassar med berre få personar, der alle snakkar same språk som ikkje er norsk eller engelsk, er det ikkje nødvendigvis same behovet for å stille krav til språkferdigheiter.

Arbeidstilsynet kan kontrollere

Hovudansvaret for dei nye krava om kommunikasjon og språkferdigheiter i byggherreforskrifta ligg hos arbeidsgivar. Men også byggherre har eit viktig medansvar for å sikre at plikter frå arbeidsgivar blir gjennomførte.

Arbeidstilsynet har tilsynskompetanse med byggherreforskrifta. Vi kan både gi pålegg til arbeidsgivar og til byggherre dersom byggherre ikkje sikrar at arbeidsgivar sine plikter knytt til informasjon og språkkrav er gjennomførte.