Seminar Stavanger: Arbeidsmiljøarbeid basert på kunnskap og godt partssamarbeid gir gevinstar!

Løkkeveien 22, 4008 Stavanger, onsdag 24. april 2024 – onsdag 24. april 2024

Vil du lære meir om korleis du kan jobbe kunnskapsbasert med arbeidsmiljøet på din arbeidsplass? Og korleis eit godt partssamarbeid kan bidra til auka produktivitet? Da bør du bli med på regionalt IA-seminar i Stavanger!

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Nav Arbeidslivssenter, Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), og partene. 

Meld deg på seminaret her

Innhald

På seminaret fortel ekspertar på arbeidsmiljøarbeid om korleis de med enkle grep kan jobbe systematisk for å betre eige arbeidsmiljø. Du får høyre korleis de kan få til eit godt partssamarbeid i praksis, kva det vil å seie å jobbe kunnskapsbasert og kvifor det er så viktig.

Du får også presentert digitale verktøy som kan hjelpe dykk å få alt dette til. Verktøya er kunnskapsbaserte, bransjetilpassa og gratis.  

Program: 

  • Dørene opnar, enkel servering frå kl. 8.30
  • Velkommen
  • Innlegg, ved Ann Mari Risvoll Winterhus-Fjeld frå NHO
  • Kunnskapsbasert arbeidsmiljøarbeid, ved Vedrana Bebanic frå STAMI
  • Verktøyet En bra dag på jobb, ved Sara Skilbred Fjeld frå STAMI
  • Bistand i IA-arbeidet, ved Mette Løland frå NAV Arbeidslivssenter 
  • Lunsj
  • Verktøyet Arbeidsmiljøhjelpen, ved Abbas Sharifian frå Arbeidstilsynet
  • Systematisk arbeidsmiljøarbeid, ved Anne Sissel Graue frå Havtil
  • Innlegg, ved Jannicke Larsen frå LO Stat
  • Avslutning

Vi serverer ein enkel lunsj.

Målgruppe

Seminaret er retta mot leiarar, verneombod, tillitsvalde og HR- og HMS-personell som ønsker å styrke kompetansen og engasjementet for arbeidsmiljøet.Den største gevinsten får ein om leiar og tillitsvalt/verneombod deltar saman.

Praktisk

Det er gratis å delta seminaret. Vi serverer ein enkel lunsj, og du må melde deg på for å delta. Påmeldinga er bindande. 

Om du likevel ikkje kan delta, er det fint om du melder deg av igjen innan påmeldingsfristen. Slik frigir du plassen din til nokon andre. Talet på plassar er  begrensa.  

Velkommen!