Seminar Bergen: Arbeidsmiljøarbeid basert på kunnskap og godt partssamarbeid gir gevinstar!

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Vil du lære meir om korleis du kan jobbe kunnskapsbasert med arbeidsmiljøet på din arbeidsplass? Og korleis eit godt partssamarbeid kan bidra til auka produktivitet? Da bør du bli med på regionalt IA-seminar i Bergen!

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Nav Arbeidslivssenter, Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), og partene. 

Meld deg på seminaret her

Innhald

På seminaret fortel ekspertar på arbeidsmiljøarbeid om korleis de med enkle grep kan jobbe systematisk for å betre eige arbeidsmiljø. Du får høyre korleis de kan få til eit godt partssamarbeid i praksis, kva det vil å seie å jobbe kunnskapsbasert og kvifor det er så viktig.

Du får også presentert digitale verktøy som kan hjelpe dykk å få alt dette til. Verktøya er kunnskapsbaserte, bransjetilpassa og gratis.  

Program: 

  • 10.30-11.00   Registrering og enkel servering 
  • 11.00-11.20   Velkommen, ved partane i IA-avtalen
  • 11.20-11.40   Korleis jobbe kunnskapsbasert? Ved Statens arbeidsmiljøinstitutt
  • 11.40-12.00  Deling av erfaring om partssamarbeid i praksis, virksomhetseksempel 
  • 12.00-12.15   Kven er dei gode hjelparane? Ved NAV Arbeidslivssenter Vestland 
  • 12.15-12.30   Arbeidstilsynets rolle i IA-arbeidet
  • 12.30-12.55   Pause
  • 12.55-14.45   Paralellsesjoner inkludert pause
    • 12.55-13.40 og 14.00-14.45   En bra dag på jobb, ved STAMI
    • 12.55-13.40 og 14.00-14.45   Arbeidsmiljøhjelpen, ved Arbeidstilsynet
  • 14.55-15.10   Oppsummering av dagen, ved partane i IA-avtalen

Påmelde får det endelege programmet tilsendt.

Målgruppe

Seminaret er retta mot leiarar, verneombod, tillitsvalde og HR- og HMS-personell som ønsker å styrke kompetansen og engasjementet for arbeidsmiljøet.Den største gevinsten får ein om leiar og tillitsvalt/verneombod deltar saman.

Praktisk

Det er gratis å delta seminaret. Du får også lett servering, men du må melde deg på for å delta. Påmeldinga er bindande. 

Om du likevel ikkje kan delta, er det fint om du melder deg av igjen innan påmeldingsfristen. Slik frigir du plassen din til nokon andre. Talet på plassar er  begrensa.  

Velkommen!