Seminar Bergen: Forsvarleg byggetid - korleis kan arbeidsgivar og oppdragsgivar samarbeide for å få det til? (mogleg å delta digitalt)

Nygårdsporten, Nygårdsgaten 112, tirsdag 10. september 2024 – tirsdag 10. september 2024

Korleis påverkar arbeidstid helse og sjukefråvær, og kva kloke grep kan bransjen ta for at byggetida skal bli forsvarleg?

Arbeidstilsynet arrangerer seminar for bygg- og anleggsbransjen i Bergen i samarbeid med byggherrar og partane i bransjen - "Seriøsitetsforum Vest".

Tema for årets seminar er
forsvarleg arbeidstid og byggetid i bransjen. Årets seminar blir strøyma slik at du kan delta uavhengig av kvar i landet du jobbar.
 

Meld deg på seminar her (fysisk oppmøte)

Meld deg på strøyming her (digitalt)

Innhold

Programmet vil bli oppdatert, men ser førebels slik ut: 

  • Seriøsitetsforum: Kven er vi, og kva er målet vårt? Ved partane i seriøsitetsforum.
  • Arbeidstid og korleis arbeidstid påverkar helse, sjukefråvær og risiko for feilhandteringar og ulykker. Ved Arbeidstilsynet.
  • Arbeidstidsordningar og forsvarlegheitsvurderingar/risikovurderingar i praksis. Døme frå verksemdene. Ved Fellesforbundet. 
  • Introduksjon til panelsamtale: Utfordringsbildet - konflikten mellom å levere til rett tid og forsvarleg arbeidstid. Erfaringar frå ulike prosjekt - korleis blir byggetid og ressursplanlegging regna ut og kva blei realiteten?
  • Panelsamtale: Korleis kan vi tenke klokt og kanskje litt nytt om denne utfordringa? 
  • Bevisstgjering av leiar si rolle, ved Nav Arbeidslivssenter.

Detaljert program for dagen blir oppdatert på denne nettsida. Påmelde får endeleg program tilsendt. 

Målgruppe 

Seminaret er retta mot byggebransjen, men er open for alle.

Praktisk informasjon 

Seminaret er et hybridarrangement.

Fysisk deltaking: Vi har 100 plassar for fysisk deltaking. Deltaking på seminaret er gratis, men du må melde deg på for å delta. Påmelding er bindande for deg som deltek fysisk. Det blir servert ein lett lunsj. 

Du får ein e-post som stadfestar plassen din, og ei påminning med praktisk informasjon når påmeldingsfristen går ut. 

Har du meldt deg på, men er forhindra frå å delta? Då vil vi at du melder deg av igjen, for å frigi plassen. Bruk lenkje i påmeldingsstadfestinga for å melde deg av. 

Digital deltaking: Du kan følgje sendinga direkte på arbeidstilsynet.no/webinar, men meld deg gjerne på, så vi kan sende deg ei påminning og presentasjonar som blir brukt i seminaret. 

Velkommen til seminar!

Illustrasjon av mennesker som jobber på en byggeplass. Et stillas foran to bygninger, en ubemannet kran og en løftekran