Spørsmål og svar til nye krav for brukarar av diisocyanat

Publisert 07.06.2023 - Lesetid: 5 min

Frå 24. august 2023 må alle som bruker diisocyanat og diisocyanat-haldige blandingar, ha fullført opplæring i sikker bruk med godkjente resultat. Vi svarer på ofte stilte spørsmål til det nye kravet.

Tettingsmateriale sprøytes i vegg.

DIISOCYANAT: Kjemikalien blir brukt i fleire tettingsmateriale og middel for overflatebehandling. FOTO: Colourbox

I juni i år heldt Arbeidstilsynet webinaret Nye krav til brukere av diisocyanater. Der gjekk vi gjennom kva det nye opplæringskravet betyr i praksis. Det kom inn mange spørsmål frå direktesendinga. Vi har samla eit utval av spørsmåla og svart på dei under.

Sjå heile webinaret i opptak her

9 spørsmål og svar

Ein som har yrkeshygienisk kompetanse (kjemikaliehandtering) og er kjent med krava som blir stilt om diisocyanat, kan vere ein ekspert.

Det trengst ein ekspert som skal validere og verifisere at opplæringa er forstått og ønskte resultat er oppnådd. Dette er ikkje eit særnorsk krav, men gjeld for alle EU-land også. Vi anbefaler å lese ECHAs Q&A om diisocyanat på nettsidene til ECHA HelpNet.

Nei. Med mengde ≥ 0,1 % krevst det opplæring. Brukarar må få opplæring før dei kan handtere kjemikaliane frå 24.8.2023.

Vi kan ikkje identifisere namngitte produkt som inneheld diisocyanat. Det skal vere oppgitt på emballasjen og i sikkerheitsdatablad at produktet inneheld diisocyanat.

Krav gjeld så lenge mengda diisocyanat i ei blanding er meir enn 0,1 %. Det krevst variert opplæring for forskjellige eksponeringsnivå.

Diisocyanat er eit felles omgrep som dekker mange kjemiske stoff, og det er ikkje mogleg å liste opp alle CAS-nummer til stoffa kravet omfattar. Sjekk innhald i sikkerheitsdatabladet og på merkeetiketten, eller snakk med leverandøren for å finne ut om kjemikalien inneheld diisocyanat og er omfatta av regelverket.

Kravet gjeld på same måte i Noreg som det gjer i EU. Kva opplæringsnivå som krevst, er definert etter bruksmetode og mogleg eksponering. Dette er forklart i den juridiske teksten.

Ja, så lenge eksperten har kompetansen som trengst, og så lenge det ikkje går for lang tid mellom sesjonar.

Opplæring på grunn- og mellomnivå krevst uansett. Vidaregåande nivå krevst ved risiko for høg eksponering. Det som er viktig, er at brukarar har fått tilstrekkeleg opplæring og er gjort kjent med risiko knytt til bruk av diisocyanat og korleis dei kan beskytte seg frå faren

Finn meir informasjon om bruk og bruksområde

Under punkt 4 i REACH-forordning nr. 2020/1149 (lovdata.no, PDF) finn du meir informasjon om bruk og bruksområde.

Sjekk verksemda sitt stoffkartotek dersom du er usikker på om verksemda di bruker diisocyanat og diisocyanat-haldige blandingar.

Sjå spørsmål og svar om kravet til opplæring

Har du fleire spørsmål? Kontakt Arbeidstilsynet.

Relaterte artikler