Tips oss

Her kan du varsle Arbeidstilsynet om kritikkverdige arbeidsmiljøforhold på eigen arbeidsplass og tipse oss om forhold du er vitne til på andre arbeidsplassar. Du kan velje å vere anonym. Vi vurderer alle tips og varsel, og om vi skal følge opp med tilsyn.

Les dette før du sender inn tips og varsel

Du kan tipse Arbeidstilsynet om saker og forhold du meiner er kritikkverdige på både din eigen og andre arbeidsplassar.

Du kan bruke tipsløysinga i begge desse tilfella:

  • Om forhold på din eigen arbeidsplass: Når ein arbeidstakar seier ifrå om eit kritikkverdig forhold på eigen arbeidsplass, kallast det varsling (etter arbeidsmiljølova 2A). Hugs at du først og fremst skal varsle internt og elles følge føringane for varsling på arbeidsplassen din. 
  • Om forhold på andre arbeidsplassar: Dersom du er vitne til kritikkverdige arbeidsmiljøforhold på andre arbeidsplassar, kan du bruke tipsløysinga til å seie ifrå.

Dersom du er vitne til farar eller problem i arbeidsmiljøet, skal du først og fremst varsle internt, oftast til den nærmaste leiaren din. Det kan du gjere ved for eksempel å sende ei avviksmelding eller eit varsel i tråd med føringane i HMS-systemet til verksemda di.

Du kan også varsle via ei melding til ein tillitsvald, til verneombodet, eller du kan kontakte bedriftshelsetenesta dersom verksemda er knytt til ei godkjend bedriftshelseteneste.

Nokre av tipsa vi mottar, er av privatrettsleg karakter. At det er av privatrettsleg karakter, betyr at det er ei sak mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

Arbeidstilsynet har inga myndigheit overfor verksemder i slike saker, men kan gi både deg og arbeidsgivaren din generell rettleiing om regelverket.

Eksempel på saker som er av privatrettsleg karakter er

  • manglande utbetaling av lønn og feriepengar
  • lønnsfastsetting der det ikkje er allmenngjorde tariffavtalar
  • oppseiing
  • permittering
  • avvikling av ferie og rett til ferie
  • rett til permisjon

Arbeidstilsynet mottar også ofte tips og varsel som gjeld tema og område som andre myndigheiter har ansvar for: 

  • Tips om svart arbeid skal til Skatteetaten.
  • Mistanke om menneskesmugling eller valdskriminalitet må meldast til politiet.
  • Manglande utbetaling av sjukepengar eller konflikt med arbeidsgivar om vilkåra for sjukefråvær er oppfylte, må meldast til NAV.
  • Tips om kvalitet på mat eller dyrehelse må meldast til Mattilsynet.
  • Tips som handlar om dårleg kvalitet på tenester, f.eks. undervisning eller helsetenester, må meldast til den som har tilsynsansvaret – for eksempel Statsforvaltaren.
  • Dersom du som nabo til ein byggeplass blir forstyrra av støy eller støv, må du kontakte kommunen.

Når du sender eit tips eller varsel via tipsløysinga, kan du velje om du vil vere anonym. 

Uansett om du vil vere anonym eller ikkje, kan du opprette tilgang til den anonyme dialogløysinga vår når du sender tipset. Då kan du ha anonym dialog med oss etter at tipset er sendt. 

Send oss tipset ditt

Ved overhengande fare for liv og helse bør du ta kontakt med politiet.

Noen får dessverre feilmelding når de sender inn tips til oss. Får du opp en slik feilmelding, oppfordrer vi deg til å prøve på nytt senere. Vi jobber med å løse feilen.

Slik følger Arbeidstilsynet opp tips og varsel

Arbeidstilsynet registrerer alle tipsa og varsla vi mottar. Vi vurderer om vi skal følge opp, og i så fall på kva måte vi skal følge opp. I nokre tilfelle kan vi ta direkte kontakt med verksemda og krevje at ho rettar opp kritikkverdige forhold.

Vi kan ikkje alltid følge opp tipset eller varselet med tilsyn. I nokre tilfelle kan dette også gjelde alvorlege forhold. Ved overhengande fare for liv og helse bør du ta kontakt med politiet.

Når du tipsar eller varslar Arbeidstilsynet, har du formelt sett ikkje krav på ei bestemt oppfølging. Du har heller ikkje rett til å få vite korleis eller om vi følger opp tipset eller varselet, eller til å klage dersom vi ikkje følger det opp.

Arbeidstilsynet mottar over 7000 tips i året.

Arbeidstilsynet har teieplikt om kven som tipsar oss om mogleg ulovlege forhold. Teieplikta gjer at du i utgangspunktet ikkje kan forvente meir tilbakemelding enn kvitteringa du fekk frå oss da du sende inn tipset.

Sjå tipset ditt og ha dialog med oss

Når du sender inn tipset eller varselet, kan du velje å opprette tilgang til dialogløysinga vår. 

I dialogløysinga kan du sjå tipset ditt, legge til informasjon og ha dialog med oss. Du loggar inn ved å bruke ID-en du fekk då du sende inn tipset, og passordet du valde.

Logg inn i dialogløysinga for tips

Tips oss om brot på smittevern

Tips oss dersom du er vitne til brot på smittevernreglar på arbeidsplassen, som for eksempel plikt til isolering eller karantene.  

Vi kan ikkje alltid følge opp tipset med det same. Dersom det hastar, må du kontakte politiet. 

Har du spørsmål, ring oss på tlf. 73 19 97 00 + tasteval 1.