Reinhald – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen

Publisert 21.12.2022 - Lesetid: 3 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

No kan verksemder innan reinhald finne innsikt om eigen bransje og tilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø i Arbeidsmiljøportalen.

Illustrasjon av renholder

NY BRANSJE I PORTALEN: Reinhaldarar kan no finne kunnskap om bransjen sin og verktøy for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar i Arbeidsmiljøportalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen

 Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Reinhald er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. Om lag 67 000 personar jobbar som reinhaldar. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær

Nær halvparten av dei med fråvær i reinhaldsbransjen oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.

Fleire reinhaldarar opplever lav kontroll i arbeidet. Dei kan ha liten moglegheit til å bestemme arbeidstempo og pausar, og liten moglegheit til å påverke avgjerder knyt til egen arbeidskvardag. Det kan føre til både muskel og-skjelettplager og psykiske plager.

Arbeid på huk eller kne og hyppig kontakt med vann og rengjeringsmidlar, er også faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i denne bransjen. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i reinhaldsbransjen.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.

Les videre

Relaterte artikler

Illustrasjonsbilde av ulike bransjer fra Arbeidsmiljøportalen.

VERKTØY FOR ARBEIDSMILJØET: Arbeidsmiljøportalen er et resultat av Arbeidsmiljøsatsingen i IA-avtalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen.no

Nyhet

IA-avtalen forlenges

Regjeringen og partene i arbeidslivet er enige om å forlenge dagens IA-avtale med to år.

Publisert 03.11.2022
Lesetid: 2 min