Nytt meldeskjema for arbeidsrelatert sjukdom

Publisert 07.09.2022 - Lesetid: 2 min

Alle legar skal melde frå til Arbeidstilsynet om sjukdom dei trur kjem av arbeidet til pasienten. No har skjemaet kome i ny form som gjer det enklare å bruke. 

Lege fyller ut skjema.

SKJEMA I NY FORM: Som lege skal du melde frå om alle sjukdommar og plagar som du trur kan skuldast arbeidet til pasienten. FOTO: COLOURBOX

Ulike skjema for sjukdom og skadar 

Mens det før var eitt og same skjema for både sjukdom og skadar, er dette no to separate skjema;

  • eitt for melding om arbeidsrelatert sjukdom
  • eitt for melding om arbeidsrelatert skade

Begge skjemaa har rettleiing for utfyllinga, og begge ligg på arbeidstilsynet.no.

Send skjemaet til rett mottakar

Legane kan framleis bruke dei same to skjemaa uansett om meldinga gjeld arbeid i landbasert verksemd, på kontinentalsokkelen eller såkalla flygande personell.

Meldinga må sendast direkte til rett mottakar, anten Arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet eller Luftfartstilsynet.

Legen skal melde frå om alle plagar som kan skuldast arbeidet

Som lege skal du melde frå om alle sjukdommar og plagar som du trur kan skuldast arbeidet til pasienten. Og du treng ikkje å vere sikker på samanhengen.

– Det er nok at du har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet, seier seksjonsleiar Ørnulf Halmrast i Arbeidstilsynet.

Meld også frå om skadar

I motsetnad til arbeidsrelatert sjukdom, er ikkje legane lovpålagt å melde ifrå om skadar som skuldast arbeidet. Derfor må pasienten tillate at skaden meldast på skjemaet om arbeidsrelatert skade.

– Alle meldingar om sjukdom og skadar er viktig informasjon som vi bruker i det førebyggande arbeidet, seier Halmrast.

Finn og last ned skjema (arbeidstilsynet.no)

Plikta til å sende melding om arbeidsrelatert sjukdom (arbeidsmiljølova)