Gode arbeidsplassar handterer farlege stoff – elektronisk verktøy oppdatert

Publisert 09.05.2023 - Lesetid: 2 min

Det europeiske arbeidsmiljøorganet EU-OSHA har utarbeida eit elektronisk verktøy som skal hjelpe verksemder med å handtere kjemikaliar, ved å gå gjennom ulike risikoar på arbeidsplassen. Verktøyet for korleis handtere farlege stoff på arbeidsplassen er no oppdatert. 

 

Bilde av en person med vernemaske som sveiser.

KAN VERE FARLEG: I Noreg reknar ein med at det er om lag 600 arbeidsrelaterte dødsfall grunna eksponering for asbest, dieseleksos, radon og sveiserøyk. FOTO: Arbeidstilsynet.

Kvart år døyr om lag 80.000 menneske i EU grunna kreftframkallande stoff på arbeidsplassen, anslår det europeiske arbeidsmiljøorganet EU-OSHA. E-verktøyet for farlege stoff og stoffblandingar gir deg en oversikt over helse- og sikkerheitsfarar i samband med farlege stoff og stoffblandingar som kan vere på arbeidsplassen din.

Skreddarsydde råd 

Med utgangspunkt i kva du svarer i verktøyet, får du skreddarsydde råd om korleis du betre kan handtere farlege stoff der du jobbar. Om du gjennomfører tiltaka som blir tilråda, reduserer du effektivt risikoen ved farlege stoff og stoffblandingar på arbeidsplassen.

Ta i bruk verktøyet for å finne ut kvar risikoen hos dykk er, og kva tiltak de må setje i verk for å redusere eksponering: Elektronisk verktøy for farlege stoff (osha.europa.eu)

Arbeidsmiljøkampanje om kreftframkallande stoff 

Verktøyet blei først utvikla i samband med den europeiske arbeidsmiljøkampanjen «Gode arbeidsplassar handterer farlege stoff» i 2018.

Noreg deltok i kampanjen og Arbeidstilsynet arrangerte fleire seminar om korleis ein kan kome i gang med risikovurdering av farlege stoff for små verksemder og for bedriftshelsetenesta.

Sjå den engelske kampanjefilmen her: Kreftframkallande stoff på arbeidsplassen (youtube.com)

Arbeidsgjevar har ansvar

Helserisikoen til kjemikaliar er avhengig av kva farlege eigenskap kjemikaliane har, og av kor mykje og kor lenge ein har blitt eksponert for dei. Arbeidsgjevar skal sørge for at kjemikaliane blir brukte og handterte forsvarleg på arbeidsplassen, og sikre at rutinar for forsvarleg oppbevaring og bruk av kjemikaliar er på plass.