Godstransport – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen

Publisert 27.10.2023 - Lesetid: 3 min

No kan verksemder innan godstransport finne innsikt om eigen bransje og tilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø i Arbeidsmiljøportalen.

Ilustrasjon av lastebil

NY BRANSJE I PORTALEN: Tilsette innan godstransport kan no finne kunnskap om bransjen sin og verktøy for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar i Arbeidsmiljøportalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen

Godstransport er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. Om lag 76 000 personar jobbar innan godstransport, post og lagring. Flest jobbar som sjåfør, lager- og transportmedarbeidar eller i kundetenesteyrker.

25 % av dei med fråvær i denne bransjen oppgir at dette skuldast helseproblem som, heilt eller delvis, er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha stor betydning.

– I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Godstransport - Arbeidsmiljøportalen (arbeidsmiljoportalen.no)

Monotone arbeidsoppgåver, låg leiarstøtte og tunge løft

51 % har monotone arbeidsoppgåver i arbeidskvardagen. Dei gjentar få og enkle arbeidsoperasjonar store delar av dagen. Slike arbeidsoppgåver kan avgrense moglegheiter for fagleg utvikling, redusert trivsel og motivasjon, og plager i armar, hender og rygg.

Låg leiarstøtte, tunge løft og sterk støy er også utfordringar i arbeidsmiljøet for bransjen godstransport. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall, og for å auke trivselen og produktiviteten.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjende utfordringar med arbeidsmiljøet. Samstundes har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen vart lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya “Arbeidsmiljøhjelpen” og “En bra dag på jobb”.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.

Les videre

Relaterte artikler

Illustrasjon som viser tre arbeidstakere som ser på en person som står ved en tavle og peker på et bilde med ordene HMS-plan ansvar og prioritet

VIKTIG VIRKEMIDDEL: Systematisk HMS-arbeid er virksomhetenes viktigste virkemiddel for å sikre et fullt forsvarlig arbeidsmiljø. Illustrasjon: Arbeidstilsynet 

Nyhet

– Flere må jobbe systematisk med helse-, miljø og sikkerhetsarbeidet sitt

En ny undersøkelse fra Arbeidstilsynet viser at de aller fleste virksomheter gjennomfører risikovurderinger og tiltak på én ell...

Publisert 20.10.2023
Lesetid: 5 min