Fleire verksemder har avtale med bedriftshelseteneste

Publisert 27.09.2023 - Lesetid: 2 min

Arbeidstilsynet sitt tilsyn første halvår i år viser at fleire verksemder som er pålagde å ha bedriftshelseteneste (BHT) faktisk har det. Men sjølve bruken av BHT kan bli betre.

En mann og en dame som står i en trapp og smiler

ROM FOR FORBETRING: Fleire verksemder har bedriftshelseteneste, men tilsyn viser at fleire kan bli betre i bruken av BHT. Foto: Arbeidstilsynet

Første halvår i 2023 gjennomførte Arbeidstilsynet 2333 tilsyn der verksemd si tilknyting til BHT var eit av temaene. I ti prosent av tilsyna mangla  verksemda avtale med BHT og fekk pålegg om å skaffe seg det. Tilsvarande fekk 21 prosent av verksemdene pålegg om det same i perioden 2018-2022.

– Det er gledeleg at det verkar som om verksemdene i større grad tilknyttar seg BHT når dei har plikt til det, seier Anders Thorstad, seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet.

Det som ikkje er like gledeleg er at det framleis er ein veg å gå for mange verksemder si bruk av BHT. Når Arbeidstilsynet kontrollerer om "arbeidsgivar sørger for at det er utarbeidd plan for BHT si bistand i verksemda," får 37 prosent av verksemdene pålegg om at dette ikkje er godt nok. Dette er like stor del som fekk reaksjonar som i perioden 2018-2022.

– Arbeidsgivar skal i samarbeid med bedriftshelsetenesten lage ein plan som beskriv BHT si bistand i verksemda, fortel Anders Thorstad.
Dette er ein del av det systematiske HMS-arbeidet. Planen skal vere risikobasert og vise korleis BHT bistår verksemda i det førebyggjande arbeidet.

Les om korleis Arbeidstilsynet tilrår at verksemder og BHT går fram for å lage gode planar