Arbeidstilsynet skal rettleie skolane i korleis dei kan førebygge vald og truslar

Publisert 19.10.2023 - Lesetid: 5 min

I månadene som kjem, inviterer Arbeidstilsynet ei rekke skolar over heile landet til rettleiing om førebygging av vald og truslar. Utagering mot skoletilsette er eit aukande problem, og Arbeidstilsynet vil gi konkrete råd om korleis klasserommet og skolegarden kan bli ein tryggare stad.

Bildet viser en lærer som står foran ei tavle. Man ser ryggen på flere voksne som sitter og står i klasserommet.

INNSATS I SKOLEN: Arbeidstilsynet vil den kommande tida gjennomføre eit rettleiingsopplegg om førebygging av vald og truslar i ei rekke kommunar. Bildet er henta frå kampanjen "Ei lita bekymring", som handlar om truslane lærarane kan bli utsette for i klasserommet. FOTO: Skjermdump. 

Parallelt med at vi i Arbeidstilsynet reiser rundt og besøker utvalde kommunar, vil vi gjennomføre tilsyn ved fleire skolar. Tematikken vil vere den same, og kontrollane vil sette søkelyset på korleis skolane førebygger at tilsette får helseplager av jobben.

– Stort forbetringspotensial

Skoletilsette er blant yrkesgruppene som er mest utsette for vald og truslar. Forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at 1 av 4 lærarar i grunnskolen har opplevd valds- og trusselepisodar på jobb.

– Erfaringar viser at veldig mange skolar har eit forbetringspotensial i det systematiske arbeidsmiljøarbeidet sitt når det gjeld førebygging, handtering og oppfølging av vald og truslar mot tilsette. Dette gjeld overfor alle skoletilsette, ikkje berre lærarar, seier seksjonsleiar Monica Varem Pettersen i seksjon for kunnskapsformidling – inkluderande arbeidsliv i Arbeidstilsynet. 

Inviterer alle skolar i utvalde kommunar

For å hjelpe skolane med å gjere klasserommet og skolegarden tryggare for skoletilsette, skal Arbeidstilsynet den kommande tida gjennomføre eit rettleiingsopplegg om førebygging av vald og truslar i ei rekke kommunar. Kommunane blir oppfordra til å invitere representantar frå alle barne- og ungdomsskolane sine til å delta. 

Opplegget startar no i haust og vil fortsette i 2024. Kommunane som blir valt ut til å delta, vil få eit invitasjonsbrev frå Arbeidstilsynet.

Målet med rettleiinga er

  • å bli betre kjent med regelverket for førebygging av vald og truslar
  • å forbetre det systematiske, førebyggande arbeidet mot vald og truslar ved kvar enkelt skole

Deltakarane må gjennomføre ei e-læring i forkant av rettleiingsdagen. 

Teori og praktiske øvingar

– Det aller viktigaste er at skolesektoren skal bli trygg på kva arbeidsmiljøregelverket seier om førebygging av vald og truslar, og at dei får praktisk trening i korleis dei skal jobbe godt med dette. I tillegg vil vi vise korleis dei kan få arbeidsmiljøet på dagsordenen på skolen gjennom verktøyet Arbeidsmiljøhjelpen, seier Monica Varem Pettersen.

– Ved å besøke kommunane framfor å rettleie digitalt legg vi til rette for god erfaringsutveksling og praktisk jobbing. Vi kan dessutan justere rettleiinga etter kva det er mest behov for i den aktuelle kommunen. Arbeidsmiljøet er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass. 

Ulike roller bør delta i rettleiinga

Målgruppa for seminaret er leiarar, tillitsvalde og verneombod. Arbeidstilsynet oppfordrar også til at hovudverneombod, hovudtillitsvalde og bedriftshelseteneste blir invitert, i tillegg til HMS-/HR-tilsette og skolesjef, utdanningsdirektør eller tilsvarande i kommunen.

– Sjølv om arbeidsgivar har ansvar for å førebygge, handtere og følge opp vald og truslar, er det viktig at fleire roller deltar i dette arbeidet. Skolane skal behandle vald og truslar som eit arbeidsmiljøproblem, og ikkje eit individuelt problem for dei tilsette som blir utsette for det. Da er det viktig at alle drar i same retning, seier Monica Varem Pettersen.

Gjennomfører også tilsyn

Samstundes som vi i Arbeidstilsynet inviterer ei rekke kommunar til rettleiing, vil vi i 2023 og 2024 gjennomføre tilsyn ved utvalde skolar. Tilsyna vil bli melde i forkant til skolane som blir valt ut.

Tilsyna vil ha fokus på korleis skolane førebygger at tilsette utviklar muskel- og skjelettplager og psykiske plager på grunn av forhold i jobben. Erfaringar frå tidlegare tilsyn viser at fleire skolar ikkje førebygger dette tilstrekkeleg gjennom det systematiske HMS-arbeidet sitt.

– Mange tilsette i skolen blir utsette for ulike arbeidsmiljøfaktorar som på sikt kan gi muskel- og skjelettplager og psykiske plager. Dette kan vere vald eller truslar om vald, men også andre organisatoriske faktorar som manglande informasjon om risikoforhold, låg leiarstøtte, rollekonfliktar, manglande medverknad eller stor arbeidsmengde. Arbeidstilsynet vil kontrollere at skolane kartlegg og førebygger desse risikofaktorane i tilstrekkeleg grad, seier seksjonsleiar Ida Aagaard i avdeling for tilsyn i Arbeidstilsynet.

Høyr podkast

Høyr på Arbeidstilsynets podkast Arbeidslyst, der vi i episoden "Blyanter, bøker og blåmerker" møter lærarar som fortel om sine opplevingar med vald og trusler på arbeidsplassen.

Sjå webinar

Sjå også tre webinar om ulike faktorar i arbeidsmiljøet som har betydning i skolen: 

Relaterte artikler

Foldede hender

UTSATT FOR VOLD OG TRUSLER: - Han begynner å slå og jeg rygger bort gjennom gangen. Han sparker også, forteller en lærer i Arbeidstilsynets podkast. FOTO: Arbeidstilsynet

Nyhet

Blyanter, bøker og blåmerker

Skoleansatte er en av de mest utsatte yrkesgruppene for vold og trusler. I den ferskeste episoden av vår podkast, Arbeidslyst,...

Publisert 17.08.2023
Lesetid: 6 min
Portrettbilde av lærer.

EN DEL AV ARBEIDSHVERDAGEN: Som ungdomsskolelærer har Morten opplevd både vold og trusler. FOTO: Arbeidstilsynet.

Reportasje

Vold og trusler i skolen er et arbeidsmiljøproblem

I løpet av tolv år som lærer har vold og trusler blitt en del av arbeidshverdagen til Morten. – Jeg har opplevd vold og trusler...

Publisert 23.03.2023
Lesetid: 6 min