Bedriftshelsetenesta er ein viktig bidragsytar i det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet. Erfaringar frå tilsyn viser at mange verksemder strevar med å setje krava i regelverket ut i praksis. Korleis kan vi bidra til at verksemdene får til gode kartleggingar, risikovurderingar og førebyggjande tiltak?
Stavanger BHT-erfaringssamling: BHT si rolle i førebygging av ergonomiske og psykososiale arbeidsmiljøutfordringar
Innhald
I løpet av dei siste åra har det kome fleire endringar og presiseringar i regelverket som tydeleggjer forventningane til både verksemdene og bedriftshelsetenesta. På denne erfaringssamlinga deler vi erfaringar og utforskar korleis BHT best kan støtte verksemdene i det førebyggjande arbeidet.
Målet er å skape ein arena for fagleg påfyll, refleksjon og erfaringsutveksling, der vi saman kan utvikle gode tilnærmingar til ergonomiske og psykososiale arbeidsmiljøutfordringar.
Arbeidstilsynet presenterer
- Erfaringar frå tilsyn og rettleiing
- Erfaringar med endringar i regelverket om psykososialt arbeidsmiljø
Gruppearbeid: Risikovurdering
Havindustritilsynet presenterer
- Ergonomisk risikovurdering
Avsluttande refleksjon og plenumsdiskusjon
- Kva behov ser de som arbeider med risikovurderingar i praksis?
- Korleis kan BHT bidra best mogleg framover?
Målgruppe
Alle tilsette i bedriftshelsetenesta.
Påmelding
Erfaringssamlinga er gratis, men du må melde deg på.
Vi har berre eit avgrensa tal plassar. Dersom du blir forhindra frå å møte, er det viktig at vi får beskjed så tidleg som mogleg.
For spørsmål om arrangementet eller påmelding, ta kontakt med Beate Vinje Røstad på beate.vinje.rostad@arbeidstilsynet.no.