Røyking på arbeidsplassen

Alle har krav på eit røykfritt arbeidsmiljø. Arbeidsgivaren har ansvaret for arbeidsmiljøet, også for at ingen blir utsette for røyk på arbeidsplassen. 

Arbeidstakarar har krav på eit røykfritt arbeidsmiljø

Alle arbeidslokale skal vere røykfrie. Det omfattar blant anna ekspedisjonslokale, arbeidsrom der to eller fleire arbeider, spiserom, korridorar, trappeoppgangar, toalett og heisar på arbeidsplassen.

Forbodet mot tobakksrøyk gjeld også urtesigarettar og e-sigarettar med og utan nikotin.

I tillegg gjeld reglane for arbeidstakarar som arbeider heime hos brukarar. Arbeidsgivar kan sette vilkår for å ivareta dette.

Som hovudregel er det ikkje tillate å legge forholda til rette for røyking.

  • Arbeidsgivaren kan ikkje legge til rette for røykerom eller røykeboks på arbeidsplassen.
  • Arbeidstakaren har ikkje krav på eigne røykepausar.
  • Rutinar for inneklima skal tas inn i verksemda sitt interne helse-, miljø- og sikkerheitssystem. Der det er tvil om røykeforbodet, skal det tydeliggjerast med synlege skilt.

Det finst nokre unntak. Desse gjeld der arbeidet i verksemda gjer at  arbeidstakarane ikkje kan forlate arbeidslokala i løpet av arbeidstida.

I slike tilfelle kan arbeidsgivar tillate røyking i særskilte rom.

Forutsetninga er at arbeidsgivar stiller røykfrie opphaldsrom av minst same standard til disposisjon for ikkje-røykarar.

Røykeforbod på serveringsstader

Det er ikkje tillate å røyke i lokale der det blir servert mat og/eller drikke. Dette gjeld også kantiner og spiserom.

På uteserveringar kan røyking vere tillate dersom

  • røyken ikkje blir ein plage for dei tilsette
  • det ikkje siv røyk frå uteserveringa inn i lokala
  • røykeområdet er avgrensa
  • røykeområdet ikkje er så avskjerma at det blir "inne"
  • avskjerminga av røykeområdet ikkje hindrar naturleg utlufting. Derfor bør eventuelle leveggar ikkje nå høgare enn til (sittande) skulderhøgd når det også er tak/markise over uteserveringa

Brot på desse krava kan føre til at røyking på uteserveringa blir forbode. Det er kommunen som er tilsynsmyndigheit for røyking på offentleg stad.

De kan søke om unntak ved filminnspeling, framsyningar og sceneoppsettingar

Arbeidstilsynet kan gi unntak (dispensasjon) frå kravet om røykfrie arbeidslokalar. Unntaket gjeld dersom røyking er del av det kunstneriske uttrykket ved ei film-, tv-, eller reklameinnspeling, sceneshow eller teateroppsetting. Vi kan berre gjere unntak for e-sigarettar og urtesigarettar utan nikotin.

For å få unntak frå tobakksskadelova må de oppfylle dette:

  • Bruken av e-sigarettar eller urtesigarettar skal skje i så begrensa omfang som mogleg.
  • Røykinga må berre gå føre seg under oppsettinga eller innspelinga. Vi kan også gi unntak for prøveperioden.
  • De må på førehand ha vurdert risikoen for at nokon kan bli eksponerte for røyk.
  • De må ha sett i verk konkrete tiltak for å hindre at røyken sjenerar andre som arbeider med oppsettinga eller innspelinga, for eksempel andre skodespelarar, musikarar og scenearbeidarar. Desse tiltaka må de følge opp gjennom heile speleperioden.
  • Lokala der røykinga skjer, må ha god ventilasjon.
  • Barn skal ikkje bli eksponert for sigarettrøyk, og røyken må vere ventilert bort før det kjem barn på scena.
  • Skodespelarar skal ha moglegheit til å reservere seg mot å medverke i oppsettingar eller innspelingar med sigarettrøyk.

I søknaden må de svare på dette:

  • Oppgi stadnamn og adresse der oppsettinga eller filminnspelinga skal foregå.
  • Oppgi namnet på oppsettinga/filmen og ev. manusforfattar.
  • Beskriv kort handlinga.
  • Kva for sigarettar gjeld søknaden? E-sigarettar, urtesigarettar eller andre sigarettar?
  • I kva for periode skal sigarettane brukast (når er spele-/innspelingsperioden)?
  • Begrunn kvifor de skal bruke e-sigarettar og/eller urtesigarettar i oppsettinga og korleis dette påverkar det kunstneriske uttrykket.
  • Beskriv kor mykje sigarettrøyk det vil vere under oppsettinga/innspelinga (kor mykje røyk, kor mange skal røyke, kor mange gongar skal dei røyke, kven kan bli eksponert for røyken osv.).
  • Beskriv lokala og ventileringa av lokala der oppsettinga/innspelinga skal finne stad.
  • Har de vurdert risikoen ved å bruke urte- eller e-sigarettar, og kan de dokumentere ei slik risikovurdering dersom vi kjem på tilsyn?
  • Gjer de anna tiltak for å unngå at røyken gjer skade på dei som arbeider i og med oppsettinga/innspelinga?
  • Har dei som er med i oppsettinga/innspelinga fått informasjon om at dei kan reservere seg mot å medverke der det er sigarettrøyk?
  • Skal det vere med barn eller unge i oppsettinga/innspelinga? Hugs å søke Arbeidstilsynet om førehandssamtykke til å bruke barn/unge i oppsettinga.
  • Legg ved ei uttaling frå arbeidsmiljøutvalet eller verneombodet på arbeidsplassen.

Søknaden om unntak frå tobakksskadelova har ikkje eit eige søknadsskjema. Skriv søknaden på eige ark og send han via eDialog.

Slik søker de:

  • Svar på alt søknaden må svare på (sjå over).
  • Skriv søknaden som eit tekstdokument (f.eks. Word).
  • Oppgi namnet og adressa til søkaren (verksemda som er ansvarleg for fremsyninga eller innspelinga).
  • Send søknaden til Arbeidstilsynet via eDialog. Merk meldinga med «Dispensasjonssøknad tobakksskadelova».

Behandlingstida på søknaden er om lag 3 veker. De får svar frå oss når søknaden er behandla.

Merk at vi ikkje gir dispensasjon bakover i tid (med tilbakeverkande kraft). De må derfor søke i god nok tid til å få svar før innspelinga/oppsettinga startar.

Kan arbeidsgivar forby snus på arbeidsplassen?

I barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar er det forbode å bruke tobakk både i lokala og på uteområda. Forbodet gjeld også snus. Sjå tobakksskadelova §§ 26 og 27.

Regelverket har ikkje eit klart forbod mot snusbruk på andre arbeidsplassar. Dermed opnar regelverket heller ikkje for at arbeidsgivar kan forby bruken av snus.

I enkelte tilfelle kan arbeidsgivaren likevel forby snusbruk på arbeidsplassen i kraft av styringsretten. I så fall må forbodet vere sakleg grunna i arbeidet og arbeidsoppgåvene, for eksempel

  • der tilsette i helse- og omsorgssektoren jobbar tett med særskilte pasientgrupper
  • det at ein tilsett fungerer som rollemodell for barn og unge
  • i forbinding med matlaging på kjøkken

Uansett er det alltid klokt om arbeidsgivaren og dei tilsette blir einige om interne reglar for snusbruken, ikkje minst for å unngå forsøpling på arbeidsplassen.

Tilsyn med tobakksskadelova

Det er Arbeidstilsynet som fører tilsyn med at lova blir overhalden i arbeidslokale.

For andre lokale som er omfatta av tobakksskadelova, for eksempel der barn og elevar oppheld seg, er det kommunen som er tilsynsmyndigheit.

Råd om røyking på arbeidsplassen

Arbeidstakar:

  • Hugs at du ikkje har rett til å røyke på arbeidsplassen.
  • Dersom du opplever brot på røykeforbodet: Ta opp problemet med arbeidsgivar, verneombod eller bedriftshelsetenesta.

Arbeidsgivar:

  • Lag klare reglar og informer om røykeforbodet.
  • Gi tydeleg informasjon om eventuelle unntak på uteservering eller om tilsette ikkje kan forlate arbeidsplassen
  • Ta eventuelt reglar om røyking inn i arbeidsavtalen ved nytilsetting.

Regelverk

Tobakksskadelova § 25

Sjå krav til det fysiske arbeidsmiljøet i § 4-4 i arbeidsmiljølova


Konverter denne siden til PDF