Invitasjon til innspel på forslag om endringar i planane for opplæring gitt av sertifisert verksemd

Arbeidstilsynet har forslag til endringar i opplæringsplanane for løfte- og stablevogner for gods og inviterer til å gje innspel på forslaga.

Status og frist til å gje innspel

  • Status: ope for innspel
  • Frist: 26. april 2024

Kva er foreslått endra?

Partane i «Samarbeidsrådet for sikkerhetsopplæring og sakkyndig kontroll» ga Arbeidstilsynet råd om å utarbeide forslag til endringar i opplæringsplanane for å gjere det meir tydeleg kva som inngår i den grunnleggjande opplæringa for løfte- og stablevogner for gods. Arbeidstilsynet inviterer alle som ynskjer, til å gje innspel.

Bakgrunn og grunngjeving for endringsforslaget går fram av notatet.

Notat, vedlegg og innspelsliste

Du kan be om å få sjå innspela gjennom eInnsyn (einnsyn.no). Oppgi referansenummer 2023/67408.

Alle kan gje innspel. Lista nedanfor viser verksemder og organisasjonar som har gjeve innspel tidlegare, og som har fått invitasjonen på e-post.

  • LO-Norsk Arbeidsmandsforbund
  • LO-Fellesforbundet
  • NHO-EBA
  • NHO-NI
  • MEF
  • Sentralregisteret – SFS
  • Utviklingskonsult Radem AS
  • Angerman AS
  • Toyota Material Handling Norway AS
  • Kurs og Sikkerhet AS
  • Fidl AS
  • Opplæring Vest AS
  • Viken Kompetanse AS
  • Lime Green Digital AS
  • ASAS Sertifisering
  • Nemko AS
  • NMBU
  • Norsk Sertifisering AS
  • Kiwa AS
  • Verify AS
  • NOORSI
  • KTF – Kranteknisk Forening
  • LTF – Løfteteknisk Forening
  • PLF
  • Havindustritilsynet

Korleis sende innspel?

Send innspel til Arbeidstilsynet innan svarfristen 26. april. Bruk eDialog dersom de skal sende oss innspel. Oppgi referansenummer 2023/67408. Les meir om eDialog.

Alle kan gje innspel, sjølv om de ikkje står på innspelslista. Innspela blir publiserte på nettsidene våre.