Klart språk i Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet skal bidra til eit betre og tryggare arbeidsmiljø. Da må språket vårt vere tydeleg, korrekt og tilpassa dei vi skriv for, slik at lesarane våre skjøner kva teksten handlar om og kva dei må gjere.

Her er språkprofilen vår

Språkprofilen vår har 10 retningslinjer. Retningslinjene gjeld for alle tekstane vi skriv i Arbeidstilsynet, til dømes tilsynsrapportar, e-postar, svar på søknadar, strategiar og innhald på nett. Språkprofilen gir også skrivetips og eksempel for å gjere det lettare for oss i Arbeidstilsynet å skrive klart.

Språkprofilen vart lansert våren 2021.

Slik skriv vi i Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynets språkprofil, nynorsk.pdf Slik skriver vi i Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynets språkprofil, bokmål.pdf

Vi har vunne klarspråkprisen for staten!

Arbeidstilsynet vann klarspråkprisen for staten 2020. Det er vi stolte av!

Prisen blir delt ut årleg og går til statsorgan som gjer eit langsiktig og systematisk arbeid for å bruke eit klart, godt og brukarvennleg språk. Les meir om klarspråksprisane (sprakradet.no).