Chatbot

Har eg rett på lønn på rauddagane i mai?

Publisert 12.05.2026 - Lesetid: 4 min

Mai er godt i gang, og fleire raude dagar står for tur. Kva er reglane for arbeidstakars rett på lønn desse dagane? 

Bildet viser gutter som går i 17. mai-tog og holder i norske flagg.

RAUDDAGAR OG LØNN: Du har lovfesta rett til lønn berre 1. og 17. mai. For andre bevegelege heilagdagar er det opp til kva som står i avtalen du har med arbeidsgivar. FOTO: Colourbox.

I år har vi desse høgtids- og heilagdagane i mai: 

  • Fredag 1. mai – den internasjonale dagen til arbeidarane 
  • Torsdag 14. mai – Kristi himmelfartsdag 
  • Søndag 17. mai – grunnlovsdagen 
  • Søndag 24. mai-måndag 25. mai – Pinse  

Ikkje lovfesta lønn på heilagdagar 

Det finnes inga lovbestemming som gir rett til lønn på heilagdagar som Kristi himmelfartsdag eller pinse. Det treng likevel ikkje bety at du ikkje får lønn. Lønn på raude dagar, med unntak av 1. og 17. mai, er ofte regulert gjennom arbeidsavtalen, ein tariffavtale eller i personalhandboka på arbeidsplassen din. 

Eigne reglar for 1. og 17. mai 

For høgtidsdagane 1. og 17. mai gjeld ein eigen lov og ei tilhøyrande forskrift som seier noko om lønn – både for deg som har fri og for deg som må jobbe.     

Lov om 1. og 17. mai 

Forskrift om lønn 1. og 17. mai 

Spørsmål og svar 

Ja, du skal ha full lønn for 1. og 17. mai dersom 

  • du i utgangspunktet skulle ha vore på jobb desse dagane 
  • dagane ikkje fell på søndag eller ein annan heilagdag 
  • du har vore tilsett hos arbeidsgivar i minst 30 dagar før 1. eller 17. mai. Eller du skal jobbe i minst 30 dagar dersom du vart tilsett seinare. 

Du har ikkje krav på lønn dersom høgtidsdagane er på dagar kor verksemda normalt er stengd og du likevel ikkje skulle ha vore på jobb. Dette vil gjelde mange i år, når 17. mai fell på ein søndag. 

Når 1. og 17. mai fell på ein søndag, seier ikkje loven noko om du har krav på lønn viss det er arbeidsdag for deg.  

Det er innanfor arbeidsgivar sin styringsrett å velje å stenge bedrifta, men det skal ikkje koste arbeidstakar at desse dagane er gjort til rauddagar.  

Det betyr at du må sjekke kva som står i arbeidsavtalen din. Det er innhaldet i arbeidsavtalen som avgjer om praksisen er avtalebrot eller ikkje. Og sidan akkurat dette er ei avtale mellom deg og arbeidsgivaren (og ikkje er lovfesta), er det ikkje noko Arbeidstilsynet kan vurdere. 

Om du er medlem i ei fagforeining, kan du be dei om hjelp til å tolke arbeidsavtalen. Om verksemda di er bunde av ein tariffavtale, kan det hende dette er spesifisert i avtalen. 

Viss du arbeider 1. og 17. mai, har du krav på både ordinær lønn og eit tillegg. Lønnstillegget for 1. og 17. mai er det same som du har krav på for søndagar. 

Dersom det ikkje er nokon avtale eller regulativ i verksemda di, som seier noko om lønnstillegget, skal tillegget vere minst 50 prosent av den vanlege lønna di. 

Det finst inga lovbestemming som gir rett til lønn på bevegelege heilagdagar som Kristi himmelfartsdag eller pinse. Så med mindre det er spesifisert i arbeidsavtalen din, tariffavtale eller ein annan avtale, har du ikkje automatisk krav på lønn for desse dagane viss du har fri. 

Dei aller fleste med fast månadslønn får likevel betalt for slike heilagdagar, sjølv om dei har fri.  For timelønna arbeidstakarar kan situasjonen vere annleis. Sjekk arbeidsavtalen din eller ein eventuell tariffavtale for å sjå om det finst bestemmingar om lønn på heilag- og høgtidsdagar. Viss du er usikker, kan det vere lurt å kontakte arbeidsgivaren din eller ei fagforeining for å få svar på rettane dine. 

Heilagdagstillegg er ikkje regulert av lova, men blir fastsett gjennom tariffavtalar eller individuelle arbeidsavtalar.  

Satsane for eventuelle heilagdagstillegg varierer, avhengig av kva for avtale som gjeld for arbeidsplassen din, så sjekk dette i arbeidsavtalen din eller med den nærmaste leiaren din. 

Les meir

Lønn 

Skrevet av