Last ned bildefila som viser at de er godkjende
Slik skal de bruke bildefila
Legg ut bildet på nettsidene
På nettsida dykkar og/eller profilen på sosiale medium skal de bruke bildefila de har lasta ned. Bildet skal lenke til oppslaget for verksemda dykkar i oversikta.
Teksten som skal ligge saman med bildet
Saman med bildet skal de legge inn ein tekst på nettsidene:
<verksemd> er godkjent av Arbeidstilsynet for å tilby tenester innan bilpleie, hjulskift og hjullagring. Sjå https://www.arbeidstilsynet.no/godkjenninger/finn-godkjent-bilvask-dekk for status og meir informasjon.
<virksomhet> er godkjent av Arbeidstilsynet for å tilby tjenester innen bilpleie, hjulskift og hjullagring. Se https://www.arbeidstilsynet.no/godkjenninger/finn-godkjent-bilvask-dekk for status og mer informasjon.
De må fjerne bildet når godkjenningsbeviset dykkar er utgått eller de ikkje lenger er godkjent.
Det er ikkje tillate å bruke bildefila, godkjenningsbeviset eller logoen til Arbeidstilsynet på reklamemateriell, for eksempel brevark, konvoluttar, stempel, kledning, køyretøy, trykte annonsar eller andre former for firmaprofilering.