Krav om drøfting, informasjon og evaluering
Drøftingsplikta pålegg arbeidsgivaren å drøfte kontrolltiltak med dei tilsette eller ein representant for desse, før tiltaka blir utforma og sette i verk. Ein skal også drøfte behovet for tiltaket. Drøftingsplikta vil også bli utløyst når vesentlege endringar av kontrolltiltak som allereie eksisterer i verksemda, blir vurderte.
Drøftinga skal skje så tidleg som mogleg, før avgjerda om kontrolltiltak blir tatt, slik at arbeidstakarane og representanten for dei tilsette eller dei tillitsvalde får tilstrekkeleg med tid til å komme med innvendingar og innspel.
Drøftinga skal vere reell og gi informasjon om korleis kontrollen vil bli innretta, eksempelvis om kvar kontrollutstyret vil bli plassert, og korleis det verkar.
Dersom arbeidsgivaren ikkje overheld drøftingsplikta, betyr ikkje det automatisk at kontrolltiltaket er ulovleg. Det er heller ikkje eit krav at partane skal vere einige. Det er tilstrekkeleg at arbeidsgivaren har gjennomført ei drøfting.
Før tiltaket blir sett i verk, skal dei arbeidstakarane tiltaket gjeld for, ha informasjon om både føremål, praktiske konsekvensar og sannsynleg varigheit av kontrolltiltaket. Denne plikta gjeld overfor alle arbeidstakarar tiltaket får konsekvensar for, uavhengig av om det er tillitsvalde ved verksemda eller ikkje. Nytilsette skal få informasjon om kva for kontrolltiltak som allereie eksisterer.
Arbeidsgivaren skal saman med representanten for arbeidstakarane / tillitsvalde jamleg evaluere behovet for dei kontrolltiltaka som er sette i verk. Kor ofte og kor grundig evalueringa skal vere, må bli vurdert konkret for kvart enkelt kontrolltiltak, avhengig blant anna av kor inngripande tiltaket er. Den praktiske gjennomføringa av evalueringa, som når og kor ofte, kan ein gjerne avklare allereie i samband med drøftinga.
Ein skal gjere evalueringa for å sikre at det framleis er behov for tiltaket. Dersom ein gjennom evaluering finn ut at behovet ikkje lenger er til stades, skal kontrolltiltaket bli avslutta.