Utfylling av skjemaet
Skjemaet har tre delar. Sjå rettleiinga bak i skjemaet for meir informasjon om utfylling av dei ulike delane.
Når ein arbeidstakar er gravid, har arbeidsgivar plikt til å sørge for at arbeidstakaren ikkje blir utsett for skadeleg påverknad som kan gi risiko for forplantningsskadar.
Arbeidsgivar skal sørge for at ein arbeidstakar som er gravid, ikkje blir utsett for skadeleg påverknad som kan føre til forplantningsskader. Dersom det er ein slik risiko, skal arbeidsgivar sørge for nødvendig tilrettelegging eller eventuelt omplassering av den gravide.
Dersom tilrettelegging eller omplassering ikkje er mogleg, må den gravide arbeidstakaren midlertidig gå ut av arbeidet sitt. Merk at dette ikkje er ei oppseiings- eller permisjonsgrunn, men den gravide arbeidstakaren må midlertidig takast ut av arbeidet sitt. Arbeidstakaren har da vanlegvis krav på svangerskapspengar frå Nav (nav.no).
I skjemaet skal legen eller jordmora til den gravide vise behovet for tilrettelegging eller omplassering på grunn av fare for forplantningsskade. Arbeidsgivar skal deretter oppgi om det heilt eller delvis er mogleg med tilrettelegging eller omplassering.
Last ned skjemaet - nynorsk (wordformat)
Last ned skjemaet - nynorsk (pdf-format)
Last ned skjemaet - bokmål (wordformat)
Last ned skjemaet - bokmål (pdf-format)
Dersom du har problem med å laste ned skjemaa, kan du få hjelp frå dei som har programmert skjemaa: Signform info@signform.no
Skjemaet har tre delar. Sjå rettleiinga bak i skjemaet for meir informasjon om utfylling av dei ulike delane.
Forplantningsskadar omfattar
Desse forholda i arbeidsmiljøet kan gi eller bidra til forplantningsskadar:
Både definisjonen på forplantningsskadar og nokre risikoforhold som bør vurderast spesielt, er beskrivne i kommentaren til § 7-1 i forskrift om utføring av arbeid.
Viss du ikkje får nødvendig tilrettelegging på arbeidsplassen når du er gravid, kan det vere diskriminering. I tillegg til den generelle tilretteleggingsplikta som følger av arbeidsmiljølova, har arbeidsgivar ei plikt til å legge til rette for gravide arbeidstakarar etter likestillings- og diskrimineringslova § 23 (lovdata.no), dersom dei har behov for tilrettelegging.
Dersom du er gravid og søker jobb, gjelder retten også undervegs i tilsettingsprosessen.
Diskrimineringsnemnda kan vurdere om noko er diskriminering eller trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova. Diskrimineringsnemnda er eit alternativ til domstolen, og tilbodet er gratis.