Pleie av nære pårørande i sluttfasen av livet

Alle arbeidstakarar som pleier nære pårørande i heimen i sluttfasen av livet, har rett til permisjon i inntil 60 dagar.

Eit ønske om å vere saman med nære pårørande som oppheld seg på sjukehus, institusjon eller liknande i sluttfasen av livet, gir etter lova ikkje rett til slik permisjon.

Arbeidsmiljølova gir ikkje rett til fri med lønn. Du kan likevel ha rett til fri med lønn dersom du fell inn under ein tariffavtale eller ein annan avtale som gir slik rett.

Også folketrygdlova kan gi rett til pleiepengar i slike situasjonar. Les om pleiepengar for nærstående i livets sluttfase (nav.no).

Regelverk

Omsorg for og pleie av nære pårørande i arbeidsmiljølova § 12-10


Konverter denne siden til PDF