Krav til dusj på arbeidsplassen

Dersom arbeidsoppgåvene eller helsemessige forhold krev det, skal arbeidstakarane ha tilgang til eigna dusjar på arbeidsplassen.

Dusjromma skal gi kvar arbeidstakar tilstrekkeleg plass og hygieniske forhold til å vaske og stelle seg. I søknad om Arbeidstilsynets samtykke må tiltakshavar dokumentere at verksemda har mange nok dusjar og at krava til dusjrom er oppfylte.

Spørsmål knytt til dusj kan dreie seg om kva som ligg i formuleringa «når arbeidet sin art eller helsemessige forhold» gjer dusj nødvendig.

Når arbeidet krev tilgang til dusj

  • Arbeidsplassen skal ha mange nok og eigna dusjar tilgjengeleg for arbeidstakarane dersom arbeidet sin art eller helsemessige forhald gjer at det er eit krav, jf. arbeidsplassforskrifta § 3-6.
  • Verksemder med fysisk krevjande arbeid, skittent arbeid, arbeid med illeluktande stoff eller arbeid med giftige eller helsefarlege stoff, skal ha dusj, jf. kommentardelen til arbeidsplassforskrifta § 3-6.

Krava til garderobe for privat tøy og garderobe for arbeidstøy og vaskerom med dusj i tilknyting til garderobane gjeld for visse arbeidstakarar. Det gjeld for arbeidstakarar som  

  • arbeider med eller kan vere eksponert for stoff som er giftige eller helsefarlege
  • er kreftframkallande eller arvestoffskadelege
  • kan innebere smittefare
  • avsett lukt i tøy og liknande

Sjå kommentardelen til arbeidsplassforskrifta § 3-4 

Dette betyr at det normalt blir stilt krav om dusj i arbeidslokalar som blir brukte eller er planlagt brukt til blant annet verkstad, bilpleie, næringsmiddelindustri, helseinstitusjonar, heimehjelpsentral, heimesjukepleie, ambulansestasjon, industri, avfall og gjenvinning, avløpsanlegg, laboratorium og i forbindelse med bygge- og anleggsplass.

Nokre arbeidsplassar har spesielle krav til personleg hygiene, for eksempel avløpsanlegg og næringsmiddelindustri. På slike arbeidsplassar skal garderobane ha eit ureint og eit reint område med vaskerom eller dusj mellom.

Dusjfunksjonen skal som hovudregel vere plassert i vaskerommet eller  direkte tilknytta det. Dersom dusjrommet er fråskilt frå garderobane, skal det vere lett tilgang mellom romma.

Talet på dusjar må vere basert på ei realistisk kartlegging av dagens og framtidige behov.

Nøddusjar

På utsette arbeidsplassar må det finnast nøddusjar – for eksempel der det er risiko for at arbeidstakarane kan bli forbrente eller oversprøyta av helsefarlege eller etsande stoff. Nøddusjane må vere plasserte lett tilgjengeleg og i umiddelbar nærleik til farekjeldene.

Avhengig av type arbeid bør alle laboratorium ha mange nok nøddusjar. Dei må vere tydeleg merka. Les meir om laboratoriumarbeid.

Når arbeidet ikkje krev tilgang til dusj

Når arbeidet ikkje krev tilgang til dusj, stiller ikkje regelverket krav til dusj. 

Likevel: Ifølge arbeidsmiljølova § 3-4 skal arbeidsgivar vurdere tiltak for å fremme fysisk aktivitet blant arbeidstakarane. Dusjar på arbeidsplassen kan vere eit konkret tiltak som fremmer fysisk aktivitet, f.eks. sykling til og frå jobb.

Regelverk


Konverter denne siden til PDF