Send skjemaet til rett tilsynsmyndigheit
Bruk same skjema til både Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet og Luftfartstilsynet. Arbeidstilsynet kan ikkje vidaresende skjema til andre myndigheiter dersom legen har sendt det til feil myndigheit. Dette skuldast innstrammingar i regelverket om personvern.
Send meldinga per post til Arbeidstilsynet, Pb. 4720 Torgarden, 7468 Trondheim.
Om du bruker ferdig frankerte svarkonvoluttar frå Arbeidstilsynet, sender du dei til adressa som står på konvolutten.
Du kan også sende meldinga via eDialog.
Send meldinga til Havindustritilsynet, Pb. 599, 4003 Stavanger.
Send meldinga til Luftfartstilsynet, Pb. 243, 8001 Bodø.