Overtid

Overtid er arbeid ut over arbeidsmiljølova sine grenser for alminneleg arbeidstid.

Dersom det blir arbeidt ut over avtalt arbeidstid, men innanfor lova sine grenser for alminneleg arbeidstid, vil dette vere såkalla meirarbeid. Overtid i lova si forstand blir det først når det blir arbeidt ut over dette.

Begrepet «samla arbeidstid» omfattar både alminneleg arbeidstid, meirarbeid og overtidsarbeid.

Overtid og korona

Les meir om arbeidstidsordningar og koronautbrotet:Arbeidstid og korona

Når er overtid tillate?

Overtid er berre tillate dersom det er eit særleg og tidsavgrensa behov for det. Med andre ord kan ikkje overtid brukast som ei fast ordning.

Med «særleg og tidsavgrensa behov» er det for eksempel meint

  • fråvær som gir underbemanning og forstyrrar den daglege drifta
  • fare for at anlegg, maskiner, råstoff eller produkt kan ta skade
    uventa arbeidspress
  • særleg arbeidspress på grunn av sesongmessige svingingar eller mangel på arbeidskraft med spesiell kompetanse

Kor mye overtid kan arbeidsgivar pålegge?

Dersom det er eit særleg og tidsavgrensa behov, kan arbeidsgivar pålegge overtidsarbeid i inntil

  • 10 timar i løpet av 7 dagar
  • 25 timar i løpet av 4 samanhengande veker
  • 200 timar i løpet av 52 veker

Samla arbeidstid må ikkje overstige 13 timar i løpet av 24 timar. Samla arbeidstid må heller ikkje overstige 48 timar i løpet av 7 dagar, gjennomsnittsutrekna over 8 veker.

Dette inneber at arbeidstakarar i ei enkelt veke kan arbeide meir enn 48 timar, mot tilsvarande kortare arbeidstid i ei anna veke.

Merk at det ikkje er tilgang til å rekne ut overtid ut frå ei rullerande 52 vekers periode. Grensa på 200 timar overtid må reknast ut etter ein fast definert 52 vekers periode, for eksempel frå 1. januar til 31. desember eller 1. april til 31. mars.

I verksemder med tariffavtale kan arbeidsgivar og dei tillitsvalde inngå skriftleg avtale om utvida overtidsarbeid. Dei kan avtale overtid på inntil

  • 20 timar i løpet av 7 dagar
  • 50 timar i løpet av 4 samanhengande veker
  • 300 timar i løpet av 52 veker

Overtidsarbeid innanfor desse grensene kan berre skje dersom arbeidstakarane er villige til det. Samla arbeidstid kan ikkje overstige 69 timar i ei enkelt veke.

Arbeidsgivar og dei tillitsvalde kan også avtale unntak frå regelen om samla arbeidstid, men arbeidstida må ikkje overstige 16 timar i løpet av 24 timar.

Ved avtale om utviding av samla arbeidstid, skal arbeidstakar få ein tilsvarande kvileperiode (time for time). Kvileperioden må komme rett etter arbeidsperioden og skal kompensere time for time. Sjå også informasjon om  dagleg og vekentleg arbeidsfri.

Merk at det ikkje er tilgang til å rekne ut overtida ut i frå rullerande 52 vekers periodar. Grensa på 300 timar overtid må reknast ut etter ein fast definert 52 vekers periode, for eksempel frå 1. januar til 31. desember eller 1. april til 31. mars.

Verksemder kan søke Arbeidstilsynet om utvida overtidsarbeid i særlege tilfelle på inntil

  • 25 timar i løpet av 7 dagar
  • 200 timar i løpet av ein periode på 26 veker

Overtidsarbeid innanfor desse grensene kan berre skje dersom arbeidstakarane er villige til det.

Samla overtid innanfor 52 veker skal aldri overstige 400 timar.

Les meir om kva ein søknad til Arbeidstilsynet må innehalde: Søknad om utvida overtidsarbeid 
Arbeidstilsynet publiserer vedtak etter søknad om utvida overtidsarbeid: Register for vedtak i arbeidstidssaker

Fagforeining med innstillingsrett etter arbeidstvistlova eller tenestetvistlova har vid tilgang til å inngå tariffavtale om utvida overtidsarbeid utover lova si grense. Det forutsett at arbeidstida er forsvarleg, sjå arbeidsmiljølova § 10-12 (4).

I ekstraordinære situasjonar opnar arbeidsmiljølova for unntak frå reglane om arbeidstid i kapittel 10. Det må i så tilfelle vere arbeid som blir gjort for å «hindre fare for eller skade på liv eller eigendom». Denne vurderinga må arbeidsgivar sjølv gjere, og regelen føreset ingen søknad til Arbeidstilsynet.

Overtidsbetaling

Ved overtidsarbeid har arbeidstakar krav på eit tillegg på minst 40 prosent av avtalt timelønn. Avtale om lågare prosentsats er med andre ord ikkje tillate.

Arbeidsgivar og arbeidstakar kan avtale eit fast tillegg i lønna som skal dekke opp for overtidsarbeid. Da må det komme klart fram kva som er vanleg lønn og kva som er overtidsbetaling. Avtalt overtidsbetaling må minst dekke lovpålagt overtidsbetaling.

Det er mogleg å avspasere overtid time mot time, men overtidstillegget på minst 40 prosent skal likevel alltid utbetalast.

Tariffavtaler gir ofte betre rettar enn dei rettane som lova gir. Vanlege eksempel er

  • overtidstillegg som er høgare enn 40 prosent
  • høgare satsar ved ubehageleg arbeidstid som for eksempel kveld, natt, helg og heilagdagar
  • rett på overtidsbetaling ved arbeid ut over avtalt arbeidstid
    • for eksempel rett på overtidsbetaling frå 37,5 timar per veke i staden for frå 40 timar, som er lova si grense for alminneleg arbeidstid

Unntak fra overtidsreglane

Reglane om arbeidstid og overtid gjelder i utgangspunktet for alle arbeidstakarar, men arbeidsmiljølova gir unntak for arbeidstakarar som har

  • leiande stilling
  • særleg uavhengig stilling

Kva kjenneteiknar leiande og særleg uavhengige stillingar?

Fritak frå overtidsarbeid og meirarbeid

Arbeidstakarar har i nokre tilfelle rett til å bli fritatt frå å arbeide utover avtalt arbeidstid:

Helsemessige grunnar er i utgangspunktet ein klar grunn for fritak. Det blir ikkje stilt krav om helseattest eller liknande, men i tvilstilfelle vil det vere praktisk om arbeidstakaren legg fram spørsmålet for legen sin. Dersom det er snakk om fullstendig fritak frå overtidsarbeid over lenger tid, kan arbeidsgivar krevje legeerklæring.

Eksempel på vektige sosiale grunnar er pass av mindre barn, større hendingar i familien og liknande.

Arbeidstakar kan på generelt grunnlag be om å bli fritatt for overtidsarbeid. Arbeidsgivar har plikt til å innfri dette kravet dersom arbeidet kan utsettast eller utførast av andre utan skade.

Tvisteløysing og fristar

Nokre gonger kan arbeidsgivar og arbeidstakar vere ueinige om fritak frå å arbeide utover avtalt arbeidstid. Da kan saka bringast inn for Tvisteløysingsnemnda.

Fristen for å bringe saka inn er fire veker etter arbeidsgivars avslag har komme fram til arbeidstakar.

Regelverk

Les meir om overtid og om fritak frå overtidsarbeid og meirarbeid i arbeidsmiljølova § 10-6

Les meir om alminneleg arbeidstid i arbeidsmiljølova § 10-4


Konverter denne siden til PDF