Ulike typer tilsyn

 

Kontroll

Varsla tilsyn

Verksemda vert varsla før inspeksjonen via brev. Brevet informerer om kva Arbeidstilsynet ønskjer å sjå på, og kva for dokumentasjon bedrifta bør ha klar før inspeksjonen.

Arbeidstilsynet vitjar verksemda, og møter dagleg leiar og verneombod, og gjennomfører ei synfaring med fokus på område som Arbeidstilsynet ønskjer å sjå på.

Inspeksjonen vert avslutta med eit møte kor ein går gjennom det tilsynet har avdekt. Dersom det er manglar hjå verksemda vil Arbeidstilsynet gjere reie for dette.

Mål: Når Arbeidstilsynet forlet verksemda skal verksemda ha fått viktig og relevant kunnskap om retningsliner og forskrifter.

Eit varsla tilsyn varer vanlegvis i 2-4 timar.

Ikkje-varsla tilsyn

Ikkje-varsla inspeksjoner vert nytta til dømes for å undersøkje tilhøve på arbeidsplassen knytta til sosial dumping og teknisk tryggleik.

Ikkje-varsla tilsyn kan kome i stand etter tips frå anonyme tipsarar, frå politiet eller andre.

Revisjon

I revisjonar ser Arbeidstilsynet etter korleis verksemda arbeider systematisk med arbeidsmiljøet. Det inneber at ein går gjennom internkontrollen til verksemda for å avdekkje om regelverk og prosedyrer vert følgde.

Arbeidstilsynet vil be om å få tilsend dokumentasjon på internkontrollen i verksemda på førehand.

I eit formøte med leiinga og verneombod, og eventuelt bedriftshelseteneste og tillitsvalte, gjer Arbeidstilsynet greie for korleis revisjonen gjennomførast.

Arbeidstilsynet går gjennom dokumentasjonen frå verksemda, og vel ut personar til intervju.

Ein revisjon kan ta 3-4 dagar.

Revisjonen vert avslutta med eit sluttmøte, der ein oppsummerar eventuelle avvik som Arbeidstilsynet meiner verksemda må rette opp.

Verifikasjon

Ved verifikasjonar ber Arbeidstilsynet verksemda leggje fram dokumentasjon på at visse spesifiserte krav er oppfylde.

Verifikasjonar kan vere ein del av revisjonar, inspeksjonar og marknadskontroll.

Verifikasjonar kan nyttast som stikkprøver for å sjekke om internkontrollen fungerar i praksis og at aktivitetane i verksemda oppfyller lova sine krav.

Marknadskontroll

Arbeidstilsynet fører kontroll for å sikre at visse produkt oppfyller krav til helse og tryggleik i forskriftene og EØS-avtalen. Døme på produkt som Arbeidstilsynet fører marknadskontroll med er maskiner, verneutstyr og kjemikalium.

Marknadskontrollen skjer dels gjennom den vanlege inspeksjonsverksemda i Arbeidstilsynet, og dels gjennom kontrolltiltak i omsetningskjeda.

Prosjekt og aksjonar

Arbeidstilsynet organiserar ein del av si verksemd i prosjekt, der ein gjennomfører eigne inspeksjonar med særskilte arbeidsmiljøfaglege tema eller i spesifikke bransjar.

Tilsyn i samband med ulukker

Alle alvorlege arbeidsulukker vert granska av Arbeidstilsynet.

Dersom arbeidstakarar vert ramma av ei alvorleg arbeidsulukke, skal arbeidsgjevaren straks varsle næraste politi og Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet vil vurdere å inspisere ulukkesstaden.

Arbeidstilsynet samarbeider med politiet i etterforsking av ulukker. Etterforskinga vil undersøkje om det har vore brot på lov- og regelverk.

Reaksjonar

Pålegg

Arbeidstilsynet vil påleggje verksemda å utbetre tilhøve som ikkje tilfredsstiller krav i regelverket. Arbeidstilsynet varslar verksemda skriftleg om manglar som vert avdekt i tilsynet.

Så sant manglane ikkje er så alvorlege at dei fører til umiddelbar stans, vil verksemda få ein tidsfrist til å gjennomføre dei naudsynte utbetringane.

Viss verksemda vil klage på vedtak gitt av Arbeidstilsynet, er det ein frist på 3 veker til å gjere dette.

Tvangsmulkt

Viss ei verksemd ikkje gjennomfører Arbeidstilsynet sine pålegg, kan Arbeidstilsynet ileggje verksemda tvangsmulkt.

Verksemda kan be om utsetjing av fristane som Arbeidstilsynet set, dersom verksemda har ein fornuftig grunn.

Stansing

Ved overhengande fare kan Arbeidstilsynet stanse arbeidet. Ved stansing må verksemda utbetre mangelen før arbeidet kan starte opp igjen.

Politimelding

Viss Arbeidstilsynet meinar kontrollen avdekkjer straffbare tilhøve, vil desse verte politimeldte. Det er då politiet som etterforskar saka vidare, og påtalemyndigheita som avgjer om det skal reisast tiltale mot dei ansvarlege.

Overtredingsgebyr

Arbeidstilsynet kan gje verksemder eit gebyr for brot på reglar som Arbeidstilsynet handhevar. Slike gebyr vert i praksis bruka ved alvorlege og gjentekne brot på arbeidsmiljøregelverket. 

Overtredingsgebyret kan ikkje setjast høgare enn 15 gongar grunnbeløpet i folketrygda.

Klager og klageadgang

Markedskontroll