Kven reknast som arbeidstakarar?

Arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljøloven gjer det enklare å skilje mellom arbeidstakarar og oppdragstakarar. Definisjonen er viktig fordi arbeidstakaromgrepet er «inngangsporten» for å bli beskytta av arbeidsmiljøloven og dei tilhøyrande forskriftene.

Lovteksten beskriv kven som er arbeidstakarar

Frå 1. januar 2024 blir ein arbeidstakar definert som alle «som utfører arbeid for og underordna ein annan». I vurderinga skal det blant anna bli lagt vekt på om vedkommande

  • løpande stiller den personlege arbeidskrafta si til disposisjon
  • er underlagd styringa, leiinga og kontrollen til arbeidsgivar

Om arbeidsforholdet er slik, taler det for at personen skal bli klassifisert som arbeidstakar. Vurderinga vil likevel vere avhengig av ei heilskapsvurdering, og det er fleire moment enn dei som blir nemnde i lovteksten som kan ha noko å seie.

Arbeidsmiljøloven gjeld for arbeidstakarar

Ei verksemd har fleire plikter overfor ein arbeidstakar enn ein sjølvstendig oppdragstakar.

Les meir om arbeidsgjevars plikter

Overfor ein sjølvstendig oppdragstakar har verksemda eit meir forretningsmessig forhold. Den sjølvstendige oppdragstakaren er ikkje tilsett, men er ein kontraktspartner. Verksemda har ikkje eit arbeidsgivaransvar for ein kontraktspartner som verksemda kjøper en teneste av, eller inngår en kontrakt med. Slike kjøp av tenester omtales også som entreprise.

Les meir om skilnaden mellom innleie og entreprise

Skjerpa beviskrav for oppdragsgivarar

Ein person skal bli rekna som arbeidstakar, ikkje oppdragstakar, med mindre oppdragsgivar gjer det «overveiande sannsynleg» at ein er i eit oppdragstakarforhold.

Ved tvilstilfelle skal ein derfor konkludere med arbeidstakarstatus. Dersom oppdragsgivar ikkje kan bevise at ein person er oppdragstakar, blir vedkommande klassifisert som arbeidstakar med dei rettane det medfører.

Det skjerpa beviskravet gjer det enklare for den enkelte å hevde sakar om at hen er i eit arbeidstakarforhald for domstolen. Det gjer det og enklare for Arbeidstilsynet å gjere vurderingar i tilknyting til tilsyn.

Fleire er usikre på om dei er arbeidstakarar

Dei siste åra har det vakse fram ei rekke nye arbeidsplassar og tilknytingsformer i arbeidslivet. Eit døme er plattformarbeid der arbeidet er organisert gjennom digitale arbeidsplattformer.

For mange kan det vere uklart om dei faktisk er arbeidstakarar eller ikkje. Arbeidsmiljøloven gjer det enklare å finne riktig klassifisering og sikre at dei som reelt sett er arbeidstakarar får det arbeidsrettslege vernet dei har krav på.

Regelverk

Arbeidsmiljøloven § 1-8 Arbeidstakar og arbeidsgjevar