Høyring: ny test av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkarar

Publisert 02.05.2024 - Lesetid: 3 min

Alle røyk- og kjemikaliedykkarar må årleg bestå krevjande, fysiske testar, slik at dei kan utføre jobben med minst mogleg risiko for eiga helse og helsa til andre. No er forslag til ny test av fysisk kapasitet ute på høyring.

TEST AV FYSISK KAPASITET: Ein ny test av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkarar sendast no ut på høyring. Illustrasjonsfoto: Colourbox 

Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har komme med forslag til ein ny test av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkarar. No sender dei forslaget ut på høyring. Testen har fått namnet “Fysisk kapasitetstest for røyk- og kjemikaliedykkarar 2024”. Frist for å gi innspel til forslaget er 2. juni 2024.

– For Arbeidstilsynet er det viktig at den anbefalte testen gir føreseielege rammer for å oppfylle kravet til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Testen skal bidra til å førebygge skadar og sjukdommar og sikre at røyk- og kjemikaliedykkarar er helsemessig skikka for arbeidet, seier Monica Seem, avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet.

Éin anbefalt nasjonal test 

Målet er å komme fram til éin anbefalt nasjonal test, som kan brukast av alle verksemder som har røyk- og kjemikaliedykkarar. Testen må da passe for arbeidsgivarar av ulik type og storleik. På sikt er målet at testen skal erstatte dei tre alternative fysiske testane som i dag er beskrivne i Arbeidstilsynets rettleiing "Helseundersøkelse og tester av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkere". Han skal også vere den testen av fysisk kapasitet som flest vil bruke.

Testen vil bestå av fleire øvingar. Øvingane skal teste kondisjon, muskelstyrke og funksjonalitet. Samla skal øvingane sikre at personen som utøver røyk- eller kjemikaliedykking, har tilstrekkeleg fysisk kapasitet til å gjere jobben utan fare for liv og helse.   

Grundig involvering 

Når DSB og Arbeidstilsynet har utarbeidd testen av fysisk kapasitet, har dei lagt vekt på ei brei og grundig involvering av brann- og redningsvesenet og andre med kunnskap og erfaring frå sikt arbeid. Derfor har representantar frå Høyskolen i Kristiania, Høgskulen på Vestlandet, Fagforbundet, Nettverk for kvinner i brann (KIBR), Trøndelag brann- og redningsteneste IKS, Bergen brannvesen, Fredrikstad brannvesen, Oslo brann- og redningsetat, Salten brann IKS, Valdres Brannvesen, Vestfold interkommunale brannvesen og Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) har alle delteke i arbeidsgruppa.

DSB og Arbeidstilsynet ønsker innspel på heile forslaget til ny Fysisk kapasitetstest for røyk- og kjemikaliedykkarar 2024. Vi oppfordrar til å lese grunnlagsdokumentet som ligg som vedlegg til høyringa. Det beskriv arbeida og vurderingane som arbeidsgruppa har gjort. Vi oppfordrar også til å involvere verneombod og tillitsvalde.

Send innspel til høyringa gjennom DSBs elektroniske høyringssystem. 

Høring Fysisk kapasitetstest for røyk- og kjemikaliedykkere 2024 (dsb.no)

Frist: 2. juni 2024.

Eventuelle spørsmål i samband med høyringa kan rettast til Una Kleppe (DSB) på e-post una.kleppe@dsb.no, eller Lisbeth Tveit (Arbeidstilsynet) på e-post lisbeth.tveit@arbeidstilsynet.no

Om røyk- og kjemikaliedykking

  • Med røykdykking menes innsats i tett brannrøyk, vanligvis inne i bygninger eller andre objekter, for å redde liv, miljø eller materielle verdier.
  • Med kjemikaliedykking menes innsats i forurenset eller giftig område eller område med oksygenmangel for å redde liv, eller for å bekjempe lekkasje.