Alle legar kan melde frå til Arbeidstilsynet om sjukdom eller skade som legen trur kjem av arbeidssituasjonen til pasienten. Meldinga skal skje på skjemaet "Melding om arbeidsrelatert sjukdom eller skade".
Arbeidstilsynet er avhengig av informasjon frå legane for å kunne målrette dette førebyggande arbeidet, og det er ønskeleg at fleire legar melder frå om arbeidsrelaterte lidingar. Mange legar veit ikkje om at dei kan melde frå til Arbeidstilsynet når dei mistenker at sjukdommen til ein pasient kan vere arbeidsrelatert.
Sjukdommar som astma, senebetennelse og eksem, og helseplager som hovudpine, dyspepsi og psykisk uro, kan oppstå eller bli forverra i arbeidsmiljøet. Der éin arbeidstakar blir sjuk av arbeidsmiljøet, er det gjerne fare på ferde for fleire. Viss legen tilrår det, og pasienten samtykker, kan Arbeidstilsynet følge opp saka overfor arbeidsgivaren for å førebygge forverring eller nye sjukdomstilfelle.
For meir informasjon, sjå arbeidsmiljølova § 5-3 om meldeplikta til legane (lovdata.no)
Alle sjukdommar og helseplager som legen trur kjem av arbeidssituasjonen til pasienten, skal meldast skriftleg til Arbeidstilsynet. Meldinga inneber ikkje at det er tatt endeleg stilling til årsakssamanhengen og krev inga fullstendig førehandsutgreiing.
Det skal meldast på grunngitt mistanke. Det er overlate til legen å velje ut kva for tilfelle som bør meldast.
Arbeidsrelatert sjukdom og skade omfattar langt meir enn kva folketrygdlova godkjenner som "yrkessjukdommar". Dersom yrkesskadetrygd likevel er aktuelt, kan pasienten ta med ein kopi av meldeskjemaet til trygdekontoret.
Pasienten kan ta med kopien av meldeskjemaet for å orientere arbeidsgivaren og bedriftshelsetenesta om farlege forhold eller behov for tilrettelegging.
Meldeskjemaet for arbeidsrelatert sjukdom og skade kan ein bestille frå Arbeidstilsynet. På baksida av skjemaet står det ei kort, generell orientering om pasientrettigheiter ved arbeidsrelatert sjukdom/skade.
Dersom meldinga er fullstendig utfylt, får meldaren eit honorar på 150 kroner.
Skjemaet omfattar opplysningar om pasient og arbeidsgivar, yrke, typen sjukdom og bakgrunn for sjukdommen. Opplysningane blir behandla konfidensielt og er svært viktige for det førebyggande arbeidet til Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet
Postboks 4720, Sluppen
7468 Trondheim