Å bli utsett for vald og truslar kan føre til alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar både fysisk, psykisk og sosialt. I mange tilfelle vil vald og truslar kunne påverke arbeidsevna til den som blir ramma. Dei som er mest utsette, har ofte spesielle funksjonar og yrke.
Transport eller oppbevaring av verdifulle varer og verdisaker kan medføre risiko for vald. Dette gjeld dei som handterer pengar, varer, våpen, medisin med meir. Særlig utsette er ein del sjåførar og tilsette i post, bank og butikkar.
Politi, vektarar, parkeringsvakter og fengselspersonell har ein "maktposisjon" som kan provosere til vald. Dette kan også gjelde tilsette i sosialvesenet og tilsette på skolar og institusjonar for unge kriminelle.
Helsepersonell, særleg innanfor psykiatri og ein del akuttmottak og heimetenester, sosialarbeidarar, buss- og drosjesjåførar, og tilsette innanfor hotell og restaurant kan møte personar som i visse situasjonar kan vere truande eller valdelege.
Arbeidsgivaren skal kartlegge mogleg risiko for vald eller truslar om vald og lage ein plan for førebygging av valdshandlingar. Det kan vere vanskeleg å unngå problemet heilt, men mykje kan likevel gjerast for å redusere risikoen.
Start arbeidet for å gjere arbeidsplassen tryggare med å finne ut korleis situasjonen er i dag. Kva for problem finst hos dykk, og korleis kan ein løyse dei? Den beste metoden for å vurdere arbeidsmiljøet er å spørje dei tilsette. Det er dei som veit kvar skoen trykker.
Kartlegginga må bli følgd opp med ein prioritert handlingsplan, slik at ein får gjennomført konkrete endringar for å gjere arbeidsplassen tryggare. Handlingsplanen må innehalde tidsfristar og gjere det klart kven som har ansvaret for å få gjennomført dei konkrete tiltaka. Denne prosessen er ein sentral del av internkontrollen på arbeidsplassen.
God opplæring gjer kvardagen tryggare for dei tilsette. Alle må kjenne aktuelle rutinar for å kunne vere med på å førebygge vald på arbeidsplassen sin. Dette gjeld blant anna korleis ein skal oppføre seg i møte med truande personar, varslingsrutinar med meir. I nokre yrke kan det vere nødvendig med opplæring i sjølvforsvar.
Allereie under planlegginga av eit nytt bygg eller ein ny arbeidsplass der det er risiko for vald, bør en tenke nøye gjennom plassering av mottak, ekspedisjonar, kassadiskar og andre stader der arbeidstakaren møter kundar eller klientar.
Unngå, viss det er mogleg, å legge slike lokale på gateplan eller ut mot gata. Det er også viktig å ha gode rømmingsvegar, slik at ein ikkje blir fastlåst ved ein truande situasjon.
I visse tilfelle kan det vere nyttig å bruke laminert glas (motstandsklasse B 1) i staden for vanleg glas.
Mange situasjonar der vald og truslar skjer, kan bli forhindra gjennom gode førebyggande rutinar. Det er særleg viktig å ha ein kollega fysisk til stades i situasjonar der ein veit det er risiko for å bli utsett for vald.
Rutinane skal vere kjende for alle og oppdaterte til kvar tid.
All vald eller trussel om vald i samanheng med arbeidet må bli registrert og følgd opp av arbeidsgivaren.
Overfallsalarm, interntelefon, tidslåsar, dørkontroll og videoovervaking er tekniske hjelpemiddel som kan vere med på å auke tryggleiken. Men sjølv dei mest avanserte alarmane fungerer berre dersom nokon oppfattar alarmen og veit kva dei skal gjere.
Kontroller med jamne mellomrom at utstyret som er installert, faktisk fungerer!
Du kan lese meir om krav til det psykososiale arbeidsmiljøet i § 4-3 i arbeidsmiljølova (lovdata.no)
Mange kan få psykiske reaksjonar etter ran, overfall og liknande. Det er viktig å vere merksam på at reaksjonen ikkje alltid kjem med ein gong.
For å hindre langvarige plager med for eksempel angst og uro er det viktig at dei som har vore utsette for vald og alvorlege truslar, så raskt som mogleg får snakke med nokon. Både leiar, kollegaer og familie eller venner kan bety mykje i ein slik situasjon.
Vurder også om verneombodet eller fagfolk i bedriftshelsetenesta skal bli kontakta. Det er svært viktig at det finst beredskap for både fysiske og psykiske skadar.