Senior i arbeidslivet

Konkrete råd

Arbeidstakar:

  • Dersom du har fylt 62 år, kan du ha rett til redusert arbeidstid.
  • Dersom du fyller 60 år i løpet av det året du skal ha ferie, har du rett til ei ekstra ferieveke og minimum 12,5 prosent av feriepengegrunnlaget i feriepengar.

Arbeidsgivar:

  • Som arbeidsgivar har du plikt til du å ta omsyn til alder når du tilpassar og tilrettelegg arbeidet.
  • Hugs at du ikkje utan vidare kan seie opp ein arbeidstakar på grunn av alder, før arbeidstakaren er fylt 72 år.

 

Denne faktasida tar for seg reglar og rettskrav som er særleg viktige for arbeidstakarar over 60 år.

Diskriminering på grunn av alder

Det er forbode å diskriminere arbeidstakarar på grunn alder. Forbodet mot diskriminering gjeld alle sider ved arbeidsforholdet, blant anna

  • utlysing av stilling
  • tilsetting
  • omplassering og forfremming
  • opplæring og anna kompetanseutvikling
  • lønns- og arbeidsvilkår
  • opphøyr av arbeidsforholdet (oppseiing)

Forbodet mot diskriminering omfattar likevel ikkje forskjellsbehandling som har ei sakleg grunn, eller som er nødvendig for å oppnå eit sakleg føremål. Arbeidsgivaren kan for eksempel ha ei sakleg grunn til ikkje å tilsette ein arbeidstakar på grunn av alder av omsyn til helse og sikkerheit når arbeidstakaren skal utføre jobben.

Sjå kapittel 13 i arbeidsmiljølova om vern mot diskriminering (lovdata.no).

Behov for tilpassing og tilrettelegging

Arbeidsgivaren pliktar å ta omsyn til alder når han skal organisere og legge til rette arbeidet. I tillegg gjeld dei meir generelle krava i arbeidsmiljølova om tilpassing og tilrettelegging av arbeidet.

Sjå § 4-2 (2) b) i arbeidsmiljølova om krav til tilrettelegging, medverknad og utvikling (lovdata.no).

Dersom ein arbeidstakar får redusert arbeidsevna si, pliktar arbeidsgivaren – så langt det er mogleg – å legge til rette for at arbeidstakaren skal kunne fortsette det vanlege arbeidet sitt. Arbeidsgivaren må på same måte legge til rette for at personar som elles ville vore hemma i utføringa av yrket det gjeld, kan få innpass på arbeidsplassen.

Sjå § 4-6 i arbeidsmiljølova § 4-6 om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne (lovdata.no).

Eksempel på tilrettelegging kan vere

  • endringar av rutinar, arbeidstid eller medverknad frå andre arbeidstakarar
  • anskaffing av hjelpemiddel som verktøy, maskinar og liknande
  • endringar på arbeidsplassen, for eksempel endringar av inventar, betring av lysforhold med meir
  • opplæring, omskolering og arbeidstrening

 

Rett til redusert arbeidstid

Arbeidstakarar som har fylt 62 år, eller som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert arbeidstida si. Vilkåret er at ein kan redusere arbeidstida utan at dette er ei vesentleg ulempe for verksemda.

Behovet arbeidstakaren har for arbeidstidsreduksjon, må ein vurdere opp mot dei eventuelle ulempene dette måtte medføre for arbeidsgivaren. Er ein ikkje einige om arbeidstakaren har krav på arbeidstidsreduksjon eller ikkje, kan Tvisteløysningsnemnda avgjere dette.

Arbeidstidsreduksjonen kan bety ei kortare dagleg arbeidstid, fri ein eller fleire dagar i veka, arbeid annakvar veke eller andre avvik frå ordinær arbeidstid i verksemda.

Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakaren rett og plikt til å gå tilbake til den tidlegare arbeidstida. Dersom arbeidstakaren ønsker å forlenge tidsperioden for redusert arbeidstid, må det bli søkt på nytt.

Sjå § 10-2 (4) i arbeidsmiljølova om arbeidstidsordningar (lovdata.no).

 

Ferie og feriepengar for arbeidstakarar over 60 år

Ferie

Arbeidstakarar som fyller 60 år i løpet av ferieåret (det året ein skal avvikle ferien), har krav på ei veke ekstra ferie.

Sjå § 5 (2) i ferielova om ekstraferie for arbeidstakarar over 60 år (lovdata.no).

Dersom du fyller 60 år i løpet av ferieåret, har du krav på minst fem veker og ein dag ferie. Ver merksam på at ytterlegare ferie kan vere regulert i tariffavtalen.

Arbeidstakaren bestemmer sjølv når på året den ekstra ferieveka skal bli tatt ut. Arbeidsgivaren skal likevel bli varsla minst to veker før.

Sjå § 6 (1) i ferielova om kven som bestemmer tida for ferie (lovdata.no).

Sjå § 6 (2) i ferielova om underetting av feriefastsetting (lovdata.no).

Feriepengar

Minstekravet i lova er at feriepengane skal utgjere minimum 10,2 prosent av inntekta du hadde året før ferien blir tatt ut. Det året du fyller 60 år, skal prosentsatsen for feriepengar på 10,2 prosent bli sett opp med 2,3 prosent, til 12,5 prosent. Mange har betre vilkår gjennom tariffavtalen.

Sjå § 10 (2) i ferielova om den alminnelege prosentsatsen ved berekning av feriepengar (lovdata.no).

Sjå § 10 (3) i ferielova om auka prosentsats for arbeidstakarar over 60 år ved berekning av feriepengar (lovdata.no).

Permisjonar 

Pleie av nære pårørande i sluttfasen av livet

Ein arbeidstakar som pleier nære pårørande i heimen i sluttfasen av livet, har rett til permisjon i 60 dagar. Eit ønske om å vere saman med nære pårørande som oppheld seg på sjukehus, institusjon eller liknande i sluttfasen av livet, gir etter lova ikkje rett til slik permisjon.

Lova gir ikkje rett til fri med lønn. Ein tariffavtale eller ein annan avtale kan likevel gi rett til fri med lønn.

Sjå § 12-10 i arbeidsmiljølova om pleie av pårørande (lovdata.no).

Sjå kapittel 12 i arbeidsmiljølova om rett til permisjon (lovdata.no).

Oppseiing på grunn av alder

Ein arbeidstakar kan ikkje bli sagd opp på grunn av høg alder aleine før fylte 72 år.

Det er framleis tilgang til å ha føresegner om aldersgrenser fastsette i samsvar med anna gyldig rettsgrunnlag som lov, arbeidsavtale, tariffavtale, arbeidsreglement eller bedriftspensjonsordning, i tråd med gjeldande rett og innanfor ramma av arbeidsmiljølova (såkalla bedriftsinterne aldersgrenser). For at den bedriftsinterne aldersgrensen skal være lovleg må dessutan tre kumulative vilkår være oppfylt; aldersgrensa må være kjend for arbeidstakarane, den må være praktisert konsekvent av arbeidsgjevar, og arbeidstakar må ha rett til ein tilfredsstillande tenestepensjonsordning.

For nokre yrke stillast det større krav til fysiske og psykiske eingenskapar. Dersom det kan grunngjevast i helse- eller sikkerhetsrisiko på arbeidsplassen, kan det settast ein lågare aldersgrense enn lovens alminnelege grense, utan ein nedre aldersgrense.

Ein arbeidstakar har krav på eit skriftleg varsel om tidspunktet for at han eller ho skal fråtre, med ein frist på minst seks månader.

Ansiennitet ved oppseiing

Det følger av rettspraksis at ein ved oppseiing blant anna skal ta omsyn til ansiennitet.

Ansiennitetsprinsippet inneber at den arbeidstakaren som blei tilsett sist, skal bli sagd opp før ein arbeidstakar som blei tilsett tidlegare. Berekninga av ansiennitet kan variere.

Det er viktig å vere klar over at ansiennitetsprinsippet ikkje er lovfest og dermed ikkje bindande for arbeidsgivaren. Ein arbeidsgivar som ikkje er bunden av ein tariffavtale som regulerer dette, kan legge vekt på andre kriterium enn ansiennitet viss dei er saklege og forsvarlege.

Oppseiingsfristar

Er du over 50 år, kan alder ha betyding for oppseiingstida.

Sjå Arbeidstilsynet si eiga faktaside om oppseiing.

Se også

Hvem kan bistå

Nettressurser