Belysning

Gode synsforhold krev meir enn berre nok lys. Riktige lyskjelder for oppgaven og plassering av lyskjelder er også viktig. Det samme er plasseringen av arbeidsplasser ut fra vindu og andre lyse flater.

For dårleg belysning i arbeidslokalet kan både gi belastningsskadar og auke risikoen for skadar og ulykker.

Hugs dagslys og utsyn

Kvar enkelt arbeidsplass skal ha dagslys og utsyn. For arbeidsmiljøet er det vesentleg med dagslys og utsyn i pauserommet.

Allmennbelysning og punktbelysning

Arbeidsplassen må ha god allmennbelysning og eventuelt også punktbelysning.

Allmennbelysninga kan med fordel vere indirekte (opplys) for å unngå refleksproblem. God belysning oppnår du når arbeidsfeltet og områda rundt har mest mogleg lik lysheitsgrad.

Presisjonsarbeid og krevjande synsarbeid må i tillegg ha punktbelysning som passar til arbeidet og som kan regulerast og tilpassast.

For å oppnå balanse i lysforholdet mellom arbeidsfelt og omgivnader må du velje riktige armatur og armaturplassering. Mørke overflater krev større lysstyrke. Blanding av lyse og mørke flater kan gi uheldige lysforhold mellom arbeidsfelt og omgivnadane. Det er også viktig at lysrøyra har same lysfarge, fargegjengiving og lysstyrke.

Meir om lysstyrke på arbeidsplassen

Luminansforholdet på desse områda bør ikkje overstige 5:3:1, altså at lyset er fem gonger sterkare i arbeidsfeltet enn i fjerntliggande område. Passande belysningsstyrke i arbeidsfeltet er ca. 500 lux.

Unngå refleksar og blending

Blending er det største og vanlegaste belysningsproblemet på mange arbeidsplassar.

Unngå dei fire hovudtypane blending:

  • Direkte blending frå vindauge og lysarmatur.
  • Refleksblending er indirekte blending via blanke flater som dataskjermflater, arbeidsbord, vindauge, plakatar, bilde og veggar.
  • Kontrastblending kan oppstå dersom blikket blir flytta mellom mørke og lyse flater og forskjellen mellom dei er svært stor.
  • Overgangsblending skjer når auget blir utsett for plutselege forandringar i belysning, som når ein går frå rom med sterk belysning til rom med svak belysning.

Eldre og personar med synsproblem er mest utsett for de to sistnemnte blendingsformene.

Belysning og alder

Behovet for god belysning auker betrakteleg med alderen. Det er derfor viktig å tilpasse lysforholda til den enkelte på ein lett måte.

Les meir om skjermarbeidsplasser og belysning

Les meir om retten til synsundersøking og databriller

Planlegg og prøv ut

Finn fram til god plassering av lyskjelder ut frå vindusflater og andre lyse flater. Planlegg og prøv ut på arbeidsplassen.

Les meir

Lys og belysning – Belysning av arbeidsplassar – Del 1: Innandørs arbeidsplassar NS-EN 12464-1:2021 (standard.no) gir normer for belysning på arbeidsplassar

Luxtabell og planleggingskriterier for innandørs belysningsanlegg (lyskultur.no) utfyller standarden

Som hovudregel aksepterer Arbeidstilsynet løysingar som følgjer normene i standarden og rettleiaren.

Regelverk om belysning

Arbeidsplassen skal ha dagslys og utsyn i arbeidsplassforskriften § 2-10

Kvar einskilt arbeidsplass skal ha tilfredsstillande belysning for å verne arbeidstakarane si sikkerheit og helse i arbeidsplassforskriften § 2-11

Synsforhold, refleksar og blending i arbeidsplassforskriften § 2-12


Konverter denne siden til PDF