Mobbing på arbeidsplassen

Når negative hendingar systematisk og vedvarande blir retta mot ein og same person, er det mobbing. Kva kan du gjere om du blir utsett for mobbing på arbeidsplassen?

Kva er mobbing?

Mobbing kan ha mange former. Det kan dreie seg om å bli

  • utelukka frå det sosiale nettverket på jobben
  • stadig forbigått eller oversett når oppgåver skal delast ut
  • uriktig eller overdrive skulda for dårleg arbeid
  • erta
  • fleipa med
  • latterleggjort

Mange kan oppleve å bli utsett for ulike former av dette. Slike episodar er uheldige, men for å kalle det mobbing må det skje gjentatte gonger og over tid.

Typiske kjenneteikn ved mobbing er at dei negative hendingane

  • er gjentakande
  • er systematiske
  • førekjem over tid

I tillegg har partane ei opplevd maktubalanse der ein part opplever å ha vanskeleg for å forsvare seg.

Mobbing skal takast på alvor, og den enkelte har både rett og plikt til å seie frå dersom ein ser andre bli mobba eller sjølv opplever dette.

Verksemda skal ha rutinar for melding av mobbing

Verksemda skal ha ein rutine for rapportering av avvik, blant anna mobbing.

Rutinen skal

  • vere gjort kjend for alle
  • gi informasjon om korleis ein skal melde frå om arbeidsmiljøproblem
  • gi informasjon om kven ein skal kontakte – som oftast den næraste overordna, den tillitsvalde eller verneombodet

Er du utsett for mobbing, kan du undersøke om verksemda har ein rutine for melding av avvik. Når det gjeld mobbing, kan det vere greitt å kontakte ein person eller kollega ein føler seg fortruleg med (eventuelt verneombod, tillitsvalt eller bedriftshelseteneste). Da kan du på ein uformell måte få satt ord på problema. Be gjerne om hjelp til å utarbeide ei sakleg framstilling av problemet for leiinga.

Når det skal meldast avvik, skal overordna og verneombod få beskjed, eventuelt også tillitsvald. Viss du opplever å bli mobba av leiar, så er det leiar sin overordna som skal vere mottakar av avviket. Dersom du opplever å bli mobba av verksemda sin øvste leiar, må det vurderast å sende avviksmelding til styret. 

Arbeidsgivar har ansvar for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og har ei undersøking- og aktivitetsplikt dersom arbeidsmiljøet ikkje er i samsvar med krava i arbeidsmiljølova. Det er eit krav om at påstandane om mobbing blir undersøkte, og at det blir sett i verk  konkrete tiltak for å forhindre gjentakingar. Hugs god sakshandsaming for å sikre habilitet, at alle parter blir høyrde, dokumentasjon og personvern.

Ha realistiske forventningar til saksgang

Erfaringar viser at mange har urealistiske forventningar til andre sine moglegheiter til å "rydde opp". Ved innmelding av ei sak må du vere førebudd på å gå i dialog med både mobbar(-ar) og leiing, både med omsyn til å belyse fakta og for å finne gode løysingar.

Prosessen kan ta tid for at arbeidsgivar skal få gjort ein grundig jobb med å undersøke saka. Du skal likevel kunne forvente at saka blir sett raskt på dagsorden og behandla innan rimeleg tid, slik at eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø blir gjenoppretta.

Oppgåver og ansvar i samband med mobbing

Aktørane på ein arbeidsplass har ulike roller og ansvar. Både arbeidsmiljølova og dei ulike hovudavtalene mellom partane peikar på nødvendigheita av medverknad og samarbeid for å oppnå eit godt arbeidsmiljø. Godt arbeidsmiljø er eit felles ansvar for alle aktørar på ein arbeidsplass.

Arbeidsgivar skal organisere og leie arbeidet på ein slik måte at tilsette ikkje blir utsette for uheldige fysiske eller psykiske belastningar. Det er arbeidsgivar si plikt å setje i verk tiltak som er nødvendige for å førebygge og handtere mobbing på arbeidsplassen.

Arbeidstakar skal

  • sørge for at arbeidsgivar eller verneombod blir informert dersom ein blir kjend med at det førekjem mobbing på arbeidsplassen
  • medverke til gjennomføringa av tiltaka som blir iverksette for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø
  • skal ivareta arbeidstakernes interesser i arbeidsmiljøsaker generelt, og har primært en rolle i det forebyggende HMS-arbeidet.
  • må generelt være forsiktig med å opptre som representant for enkeltpersoner, da dette kan komme i konflikt med verneombudets rolle som representant for alle arbeidstakere i saker som gjelder arbeidsmiljøet.
  • kan være til stede i behandling av mobbesaker, for å påse at retningslinjer blir fulgt og vurdere om forholdet får eller har fått konsekvenser for arbeidsmiljøet.
  • skal orienteres om mobbesaker, fordi de kan ha betydning for arbeidsmiljøet.
  • skal tas med på råd ved planlegging og gjennomføring av tiltak som har betydning for arbeidsmiljøet.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) skal sørge for at arbeidsgivar følger opp avviksmeldingar, blant anna det som gjeld påstandar om mobbing. AMU kan vedta at nødvendige undersøkingar skal gjennomførast, og vedta konkrete tiltak for å gjenopprette eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Tillitsvalde

  • skal hjelpe medlemmane sine i mobbesaker, og ta hand om medlemmane sine interesser i samsvar med lov og avtaleverk. Tillitsvalde er viktige samarbeidspartnarar for arbeidsgivarane i det systematiske arbeidet for å førebygge og handtere mobbing
  • kan drøfte og forhandle saker med arbeidsgivarane etter føresegner i hovudavtalene

Bedriftshelsetenesta skal

  • hjelpe til med å kartlegge arbeidsmiljøet, gjere undersøkingar av arbeidsplassane og arbeidsprosessane og vurdere risiko for helsefare
  • foreslå tiltak som kan virke førebyggande og tiltak som reduserer risikoen for helseskade etter mobbing
  • hjelpe til ved førespurnader frå arbeidstakarane, verneombod og arbeidsmiljøutval

Du kan koble inn Arbeidstilsynet

Den som blir mobba, kan melde saka inn til Arbeidstilsynet dersom arbeidsgivar unnlèt å gjere noko med problemet. Vi vil vurdere saka på sjølvstendig grunnlag, og eventuelt følge opp med tilsyn eller rettleiing. Målet er å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Vi vurderer om, og eventuelt korleis, vi vil gå inn i saka. Arbeidstilsynet er nøytrale og opptrer ikkje som representant for nokon av partane. Vi tar heller ikkje stilling til eventuelle erstatningskrav.

Vilkår for at Arbeidstilsynet skal følge opp enkeltsaker, er:

  • Tilsett: Meldar må framleis vere tilsett i den verksemda der dei har opplevd eller opplever det dårlege psykososiale arbeidsmiljøet. Videre må dei vere interesserte i å fortsette som tilsett i same bedrift.
  • Intern problemløysing: Verksemda må først ha forsøkt dei moglegheitene for problemløysing som er tilgjengelege for tilsette (sjå ovanfor), ved å varsle leiar og tillitsvald, verneombod og eventuelt bedriftshelseteneste.
  • Skriftleg samtykke: Den som melder, må vere villig til å gi Arbeidstilsynet fullmakt til å ta opp saka med relevante personar i verksemda, som for eksempel din næraste leiar. Vi har teieplikt om meldingar som handlar om ulovlege forhold i verksemder. Samtidig er det ofte svært vanskeleg å ta opp ei sak om påstått dårleg arbeidsmiljø, som mobbing, utan samtidig å gi til kjenne kven som har tatt kontakt med Arbeidstilsynet om forholdet.
  • Nødvendige opplysningar: Den som melder, må også gi Arbeidstilsynet opplysningane som er nødvendige for å få saka belyst tilstrekkeleg.  

Les også om trakassering og utilbørleg oppførsel

Les også om arbeidsrelaterte psykiske plager

Regelverk

Arbeidsmiljølova forbyr trakassering og anna utilbørleg oppførsel på arbeidsplassen. Sjølv om arbeidsmiljølova ikkje nyttar mobbing som omgrep, fell denne type åtferd inn under åtferd som lova forbyr. Arbeidsmiljølova seier også ein del om arbeidsgivar og arbeidstakar sine plikter for å sørge for eit godt arbeidsmiljø, og verneombodet si rolle. Både arbeidsgivar og arbeidstakar skal sørge for eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøloven, § 4-3 (3). Krav til det psykososiale arbeidsmiljøet


Konverter denne siden til PDF