Overnatting og servering – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen

Publisert 13.02.2023 - Lesetid: 3 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

No kan verksemder innan overnatting og servering finne innsikt om eigen bransje og tilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø i Arbeidsmiljøportalen.

Ilustrasjon av ansatte i overnatting og servering.

NY BRANSJE I PORTALEN: Overnatting og servering kan no finne kunnskap om bransjen sin og verktøy for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar i Arbeidsmiljøportalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen

På den største arenaen for serveringsbransjen, UMAMI ARENA, skal Arbeidstilsynet vere til stades for å dele kunnskap om arbeidsmiljø og regelverk. Her kan verksemder i bransjen lære om korleis ein kan ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar ved hjelp av Arbeidsmiljøportalen.

– Overnatting og servering er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet. 

Temaet for årets messe er «Kraften til å ta Norge videre» der arbeidskraft blir sentralt. Møt Arbeidstilsynet og mange fleire på NOVA Spektrum i Lillestrøm frå 14. – 17. februar.

Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær

Om lag 97 000 personar jobbar i overnatting og servering. Flest jobbar som servitør, kokk eller kjøkkenassistent.

43 % av dei med fråvær i overnatting og servering oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.

– Seksuell trakassering er eit kjent utfordring i bransjen. Å bli utsett for uønskt seksuell oppmerksemd kan føre til både fysiske og psykiske helseplager, seier Vollheim.

Høge krav og lav kontroll, ståande arbeid og vått arbeid er også faktorar som påverker arbeidsmiljøet i denne bransjen. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i servering og overnatting.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

  Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.

Les videre

Relaterte artikler