No er det enklare å søke om lov til å bruke nikotinfrie sigarettar på scenen

Publisert 23.01.2023 - Lesetid: 2 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når sigarettrøyk er ein viktig del av det kunstnariske uttrykket i til dømes ei filminnspeling eller teateroppsetting, kan ein no enklare søke om å få bruke urtesigarettar eller e-sigarettar utan nikotin.

Illustrasjon e-sigarett med røyk i filmstripe

UNNTAK FRA TOBAKKSSKADELOVA: Lova gir moglegheit til å søke om å få bruke nikotinfrie sigaretter i film eller på scene, og no har Arbeidstilsynet gjort det enklare å søke riktig. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Tobakksskadelova stiller krav om eit røykfritt arbeidsmiljø, også for skodespelarar, scenearbeidarar og musikarar.

– Lova gir likevel moglegheit til å søke dispensasjon dersom behovet er ein viktig del av det kunstnariske uttrykket i ei film-, tv-, eller reklameinnspeling, sceneshow eller teateroppsetting, seier senioringeniør Conny Tove Bruun i Arbeidstilsynet.

Unntaket gjeld berre for urtesigarettar og e-sigarettar utan nikotin.

Enklare å søke riktig

No har Arbeidstilsynet gjort det enklare å søke riktig, ved å synleggjere krava som gjeld og kva søknaden må innehalde.

Det gjer søkeprosessen ryddigare og kan gi raskare saksbehandling.

Søk i tide!

– Det er likevel verdt å merke seg at vi vi ikkje gir dispensasjon bakover i tid (med tilbakeverkande kraft). Søkaren må derfor søke i god nok tid til å få svar før innspelinga eller oppsettinga startar. Saksbehandlinga til Arbeidstilsynet tar vanlegvis rundt tre veker, seier Bruun.

Slik søker de om dispensasjon

På arbeidstilsynet.no finn de informasjon om

  • krava for å få dispensasjon frå tobakksskadeloven
  • kva søknaden må innehalde
  • korleis de skal sende søknaden til Arbeidstilsynet

Sjå www.arbeidstilsynet.no/tema/royking-pa-arbeidsplassen/.